Anders Nilsson Rundesletten

Sideversjon per 7. mar. 2024 kl. 10:32 av Cnyborgbot (samtale | bidrag) (Robot: Endrer mal: Bokhylla)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)

Anders Nilsson Rundesletten (fødd 1. desember 1854, død ca. 1895?) var gardbrukar i Nord-Etnedalen i Valdres.

Han hadde den fyrste delen av barndommen sin på Øvre Ton (gnr. 32/5) i Nord-Etnedalen i dåverande Nord-Aurdal kommune, no i Etnedal kommune. Foreldra var gardbrukarparet Nils Nilsson (1811-82) og Ingrid Amundsdotter (Bjørnsdotter?) (1821-92). Dei kjøpte i 1865 også Sørre (Syegarden) Steinset (gnr. 31/15), og familien flytta dit. Øvre Ton hadde dei attåt til 1870.

Den 8. januar 1881 gifta Anders seg med Ragnhild Mikkelsdotter Steinset (1847-1906) frå grannegarden Syegarden (Oppigarden) Steinset (gnr. 31/9). Ho var dotter av Mikkel Nilsson Steinset (1808-81) og Astrid Larsdotter f. Ton (1823-92). Anders og Ragnhild fekk tre jenter som vaks opp: Anne (1882-1965), Inger (1884-1954) og Ingeborg (1888-1914).To gutar døydde berre nokre månader gamle.

Anders og Ragnhild Steinset kjøpte i 1883 bruket Holo (gnr. 32/12) i Nord-Etnedalen. Seks år seinare bytta dei med Henrik Mikkelson og Marit Olsdotter, som hadde Rundesletten (gnr. 31/11) i same bygdelag. Dette var eit bruk som farbroren hennar Ragnhild, Nils, hadde fått skild ut frå Steinset.

Anders døydde i 1890-åra, men Ragnhild dreiv Rundesletten vidare saman med døtrene sine. Ragnhild døydde i 1906, og seks år seinare solgte døtrene Rundesletten. Seinare eigarar har bygd opp eit heilt nytt tun og gitt bruket namnet Bjørkset.

Kjelder og litteratur