Femring

Sideversjon per 29. aug. 2024 kl. 07:24 av Cnyborg (samtale | bidrag)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)

Ein femring, òg kalla femrøring og femroing, er ein robåt med fem par årar. Andre ord for same båtstørrelse inkluderer femkeiping. På Nordmøre vart femringane gjerne bruka som linbåtar — i motsetning til seksroingane, som vart kalla toskgansbåtar og bruka til garnfiske etter torsk.

Ein honnfemring eller håinnfemring er ein stor fyring som har fått påsett eit ekstra par keipar i eit halvrom i framskotten.

Kjelder og litteratur

  • Godal, Jon Bojer. Båten som system : skisse til plan for ein båttype : dømet Geitbåten. Utg. Norsk museumsutvikling. Oslo. 2000. Digital versjonNettbiblioteket.