Nord i Lund (Skjåk)
Nord i Lund er ein gard i Skjåk kommune. Den ligg sentralt i Lundagrenda, og er etter lokale forhold ein nokså stor gard. Nåverande gardsbruk er danna av to samanslegne nabobruk (Nord og Øvre) i 1888. Dei tilhøyrde kvar sin matrikkelgard. Det er bakgrunnen for at Nord har to gardsnummer.