Øen krins
Øen krins i Hyllestad kommune inkluderte i 1961 Øen, Ulvik, Salbu, Sundbotn, Smilden, Indre og Ytre Hatlem, og Leirpoll. I 1891 vart dette området delt i tre krinsar, Ulvik, Hatlem og Sundbotten.
Ulvik skule og Hatlem skule vart lagt ned og krinsane vart slått saman med Øen i 1928. Vassenden krins lagt ned i 1959, og skuleelevane vart då flytta til Øen skule. Frå 1965 til 1973 var også Sørefjord ein del av Øen krins, men frå 1973 vart Sørefjord slått saman med Hyllestad og Lifjorden i den nye Hyllestad krins.
Skulehus
- Byggeår: 1926
- Fungerte som skule: 1928-1979
- Anna bruksområde:
Skuledagen
Skulevegen
Lærarar
Etternamn | Fornamn | Føydd | Skule | Tilsett år | Slutta år | Utdanning frå | Merknad |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Foto
- Øen Skule 1940. Dette er storskulen framfor skulehuset på Øen. Lærar var Fritjov Vik. Fotograf: ukjend Tilbydar: Bjarne Nordbø/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane
- Øen Skule 1940. Sykurs på Øen skule med lærar Solveig Kolgrov. Ein hund er også komen med. Kurset varde i nokre få veker. Fotograf: ukjend Tilbydar: Fredrik og Jenny Borsholm/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane
- Øen Skule Fotograf: Bjarne Råsberg Tilbydar: Hyllestad kommune/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane
- Skuleklasse i Sørefjord skule ca. 1965. Skulen vart nedlagd og elevane overførde til Øen skule. Fotograf: ukjend Tilbydar: Hjørdis og Bendik Sørefjord/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane
- Skuleborn på Øen skule 1951-1952. Me ser alle skuleborna oppstilte bak skulen saman med læraren. Dette var siste året som Vik var lærar i Øen skule. Fotograf: Kristoffer Salbu Tilbydar: Åse Tonning/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane
- Elevar ved Øen skule omlag 1935. Lærar er Magnus Rye, han står bakerst i midten. Fotograf: Bjarne Råsberg Tilbydar: Hyllestad kommune/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane
- Eit rundskriv frå KUD om utvida opplæring (alternativ opplæring) vart lagt fram for Samarbeidsutvalet ved Øen skule av fungerande rektor Per Bygnes etter drøftingar med personalet. Det vart avgjort at skulen skulle fylgja opp rundskrivet med eit prosjekt: "Eg fann, eg fann", for heile skulen. Inndeling i fire gruppe, m.a. forming og teater. Ei av gruppene, saman med timelærar Torgrim Eide (snekker), møtte på ei strand i Øen for å finna spanande ting i fjæra. Tinga skulle nyttast til formingsprodukt av eitt eller anna slag. Fotograf: Per Bygnes Tilbydar: Per Bygnes/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane
- Øen skule: Ekskursjon i heimstadlære til fiskehamna på Borsholm. Fotograf: Per Bygnes Tilbydar: Per Bygnes/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane
Kjelder og litteratur
Prenta kjelder
- Fram til ferdig skule for Øen krins, Heim og skule Nr. 1 Mars 1979
Digitale kjelder
- Bli med å skape liv i gamle øen skule
- Høydal, Kristine (20014) Vassenden skule: Frå skulestove til sommarbustad
Ikkje-prenta kjelder
- Informant: Torleif Hauken
- Informant: Magnar Fleten