Øvre Brøtin (Sør-Aurdal 9/2)
Øvre Brøtin i Sør-Aurdal var opphavleg ein husmannsplass og frå 1827 eit eige bruk. Plassen vart oppretta i 1818 under Øvre Skinnrud, og vart også kalla Skinnrudbrøtin eller for kort berre Brøtatn eller Brøta. Bruket vart utskilt som bruksnummer 2 då husmannen Anders Syversson fekk kjøpt han av Ola Knutsson øvre Skinnrud i 1827.
Øvre Brøtin | |
---|---|
Alt. navn: | Skinnrudbrøtin; Brøtatn; Brøta |
Først nevnt: | 1818 |
Sted: | Reinli |
Sokn: | Reinli |
Fylke: | Innlandet |
Kommune: | Sør-Aurdal |
Gnr.: | 9 |
Bnr: | 2 |
Våningshuset som står på bruket, vart reist i 1974. Det er også eit eldre våningshus, som er frå 1944, og eit uthus frå 1937.
Det høyrde med ei seter til bruket, Karistølhalle på Søre Fjellstøle. I Arne Olssons tid som bruker (sjå brukarliste nedanfor) vart setra bytta med Aslak Slette mot ei anna seter på søre Fjellstøle.
Brukarar / eigarar
- Anders Syversson (1791–1848), frå Nord-Aurdal, husmann på plassen frå 1818, kjøpte for 100 spd. i 1827.
- Gift med Sigri Paulsdotter Framgardseige (f. omkr. 1791). Barn:
- Paul Andersson (1821–1899), neste brukar.
- Ingrid Andersdotter (1825–1909), gift med Ola Halvorsson Møldbakkin, busett på Hagatn under Bøen.
- Jøren Andersdotter (f. 1829), gift med Ola Larsson Klype frå Nes i Hallingdal.
- Paul Andersson (1821–1899), overtok ved skifte etter faren i 1848. Flytta mellom 1861 og 1865 til Nes i Hallingdal.
- Gift 1) i 1842 med Marit Iversdotter Dølvesbergatn (1818–1883). Barn:
- Marit Andersdotter (f. 1841), gift med Ola Hallsteinsson Kyrkjebjørghaugen, busett på Bakkatn under midtre Jukam og Steinli i Bagn.
- Andres Paulsson (1804–1903), busett på Skollerud i Nes i Hallingdal.
- Sigri Paulsdotter (1847–1847).
- Sigri Paulsdotter (1848–1871), drukna i Nes i Hallingdal saman med broren Johan og ein annan ungdom.
- Johan Paulsson (1853–1871), drukna i Nes i Hallingdal saman med systera Sigri og ein annan ungdom.
- Syver Paulsson (f. 1855).
- Mathias Paulsson (f. 1858).
- Jørgine Paulsdotter (1861–1940), det siste av barna som vart født i Reinli. Gift med møllar Kristian Olsen Fossen frå Modum, busett på Nedre Prestbakken i Nes i Hallingdal.
- Margit Paulsdotter (f. 1863)
- Gift 2) 1884 med Mari Johannesdotter (f. 1821) frå Nes i Hallingdal. Ingen barn, dei var 63 år gamle då dei gifta seg.
Ved folketellinga 1865 budde det ingen på bruket. Paul Andersson og familien flytta som nemnd over til Nes i Hallingdal, der dei i 1865 budde på Stuvengen.
- Arne Olsson Sløtet (1839–1894), flytta inn mellom 1865 og 1870. Hadde ikkje tinglyst skøyte på bruket.
- Gift 1870 med Siri Olsdotter Roo (1837–1916) frå Nørdre Roo 8/6. Satt på bruket fra mannens død i 1894 til ho selde i 1907.
- Marit Arnesdotter (1870–1955), gift med Johan Olsson Nybråten, neste brukar.
- Gunhild Arnesdotter (f. 1874), gift med Ola Eriksson Sagbrøtin, busett på Knutshaugen i Nord-Aurdal.
- Oline Arnesdotter (f. 1878), gift med Ulrik Knutsson Øydgarden.
- Kari Arnesdotter (f. 1880), gift med Halstein Olson Nybrøtin, busett på Nybrøtin.
- Johan Olsson Nybråten (1872–1960), frå Nybrøtin 13/17. Kjøpte av enka Siri Olsdotter i 1907.
- Gift med Marit Arnesdotter (1870–1955), dotter av førre brukar. Barn:
- Arne Johansson Bråten (f. 1908), fekk skøyte på auksjon i 1933.
- Ola Johansson Bråten (f. 1911), kjøpte av broren Arne i 1944.
- Gift med Anna Bergljot Antonsdotter Røang (f. 1917), frå Nørdre Roo 8/5. Barn:
- Marit Bergljot Bråten (f. 1946), gift med Erik Eggum frå Fagernes.
- Berit Anny Bråten (f. 1951), gift med Odd Karsten Østgaard, neste brukar.
- Odd Kartsen Østgaard (f. 1949), frå Myrvøll, overtok bruket i 1978.
- Gift med Berit Anny Bråten (f. 1951), dotter av førre brukar. Barn:
- Gro.
- Steinar.
Kjelder
- Gjermundsen, Jon Ola: Gard og bygd i Sør-Aurdal: Bind A Reinli og Vestre Bagn, Sør-Aurdal kommune / Valdres bygdeboks forlag, 1987. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Nyborg, Chris: Upublisert materiale fra slektsforskning, se brukerside for deler av materialet.
- Braaten i folkteljinga 1891 for Sør-Aurdal herred frå Digitalarkivet
- Braatene øvre i folketeljinga 1900 for Sør-Aurdal herred frå Digitalarkivet
- Braaten øvre i folketeljinga 1910 for Sør-Aurdal herred frå Digitalarkivet
Koordinater: 60.8317717° N 9.4664128° Ø