Alf Mostue (1911–1998)

Alf (Leon) Mostue (fødd 12. november 1911 på Notodden, død same stad 2. januar 1998) var lokalhistorikar frå Notodden. Han samla mellom anna inn arbeidarhistorie frå heile landet - både gjenstander, foto og arkivmateriale. Den 28. august 1989 fekk han Kongens fortenestemedalje i sylv for innsatsen han hadde lagt ned for kulturen.

Arkiv

Mostue testamenterte store delar av si lokalhistoriske samlinga til Notodden kommune og Notodden historielag. I dag blir samlinga oppbevart ved Notodden bibliotek. Sjå meir i lista over privatarkiv frå Telemark.

I tillegg oppbevarer Arbeiderbevegelsens arkiv i Telemark eit mindre arkiv hjå seg. Sjå innhaldet på lenke til oppføring på arkivportalen.

Kjelder

  • Høydal, Hallgrim, "Alf Mostue: Lokalhistorikaren som har sett spor etter seg i rikshistoria" i Telemark Historie, Tidsskrift for Telemark Historielag, Nr. 10, 1989.
  • Hjartdal Historielag, "Alf Mostue æresmedlem i Hjartdal Historielag", i Kontaktblad for Hjartdal Historielag, nr. 24, desember 1997, 8. årgang. Lenke til digital utgåve.
  • Telen, "Unik historisk juvel er sikret", i Telen, 6. februar 2018. Lenke til digital utgåve. (Lest 23. august 2018, kl. 14.00.)
  • Alf Leon Mostue i Historisk befolkningsregister