Alvhild Beinnes (1921–2006)

Alvhild Kjellaug Beinnes, født 29. mars 1921 i Innvik i Stryn, død 5. august 2006[1] i Olden, Stryn, var lærar. Ho tok utdanninga si ved Volda lærarskule med eksamen i 1953 og ved Statens lærerinneskole i hustell i Os i 1957[2].

Alvhild Beinnes
Foto: Norske skolefolk, 1966

Beinnes var lærar fleire plassar i Sogn og Fjordane som Hove skule i Selje og Skavøypoll skule i Vågsøy. I 1966 flytta ho til Heidal i Sel kommune og underviste på Heidal barne- og ungdomsskole[3]. Då ho vart pensjonist flytta ho attende til Nordfjord og busette seg i Olden. Ho var engasjert i misjonsarbeid og i menighetsrådet.

Foreldra var bonde Anders Beinnes og kona Anne, født Bødal, dei budde i Olden.

Kjelder

  1. Alvhild Beinnes, Olden gamle kyrkjegard, Stryn
  2. Norske skolefolk. Utg. Dreyer. Stavanger. 1966. Digital versjonNettbiblioteket.
  3. Alvhild Beinnes 70 år: Gudbrandsdølen Lillehammer Tilskuer 1991.03.27. Digital versjonNettbiblioteket.