Bø fødeheim - Bø helselag
Bø fødeheim vart opna i 1950 og blei dei fyrste åra driven av Bø helselag. Den fyrste styraren ved fødeheimen var Ingebjørg Lilleaasen f. Ajer (1922–2004), som var jordmor og bedriftssjukepleiar.
Bø fødeheim - Bø helselag | |
---|---|
Arkivinstitusjon: | Bø Museum |
Arkiv-id: | Bø-0009 |
Arkivskapar: | Bø Museum |
Frå år: | 1950 |
Til år: | 1964 |
Fylke: | Telemark |
Kommune: | Midt-Telemark |
Stad: | Bø Museum |
Innhald: | Årsberetning, styremøtebok, nattrapportbok. Div. korrespondanse o.a. |
Digitalt innhald: | Arkivkatalogen |
Fødeheimen vart selt til kommunen på midten av 1960-talet og nedlagt i 1965.
Arkiv
Mykje arkivmateriale vedkomande fødeheimen er å finna i arkivet til Bø helselag. I dette arkivet har ein freista skilja ut det materialet som direkte har høyrt inn under fødeheimen sitt styre eller administrasjon, men grensene er noko uklare.
Kjelder og litteratur
- Arkivkatalogen til Bø fødeheim arkiv, Bø museum.
- Bø blad 2016.06.16. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Forbrukerrapporten. Nr. 5. 1974. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Henneseid, Stian. Bø-soga. Telemark. 2 1 : Gards- og ættesoga. Utg. Kommunen. 1982. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Ingebjørg Lilleaasen i Historisk befolkningsregister.