Bø gamle kyrkje

Arbeid pågår: Vennligst ikke rediger artikkelen mens arbeidet pågår. Se redigeringshistorikken for detaljer.

Det har trolig ikke vært gjort noen endringer på artikkelen den siste uka. I så fall kan denne markeringa fjernes, men sjekk redigeringshistorikken og eventuelt diskusjonssida først.


Bø gamle kyrkje på Bøhaugen i i Midt-Telemark kommune er ei mellomaldersk steinkyrkje bygd mellom 1150 og 1180 i romansk stil. Ho er ei langkyrkje som består av skip, kor, og ein apsis i aust, som blei bygd til noko seinare. Eit våpenhus blei bygd til på 1600-talet og takryttaren i byrjinga av 1800-talet. Kyrkja har om lag 150 sitjeplassar

Bø gamle kyrkje.
Foto: Roy Olsen (2020).

Kyrkja blei vigsla til St. Olav, noko som var vanleg for kyrkjer bygd i denne perioden.

Frå mellomalderen er det bevart eit krusifiks over korbogen, ei ljosekrone av smijern, og eit antemensale av tre med fleire biletfelt. Antemensalet har ei framstilling av kroninga av Maria i midtfeltet. Nisjar på begge sider av kordøra, som truleg fungerte som sidealter, er også bevart.

Etter reformasjonen blei sørportalen, i katolsk tid truleg prosesjonsdør, delvis mura att og omgjort til eit mindre vindauge. Den enkle og vakre portalen kan ein likevel sjå ute. To av vindauga blei utvida for å auke ljosinnsleppet i tråd med krava til den nye lutherske gudstenesteforma. Kyrkja fekk samtidig sitt noverande interiør, inkludert benker med inskripsjonar frå 1579 og panelbilete i koret frå ca. 1650. Preikestolen, vestgalleriet og altartavla er òg frå 1650-åra. Dekorasjonane på dette inventaret blei måla i perioden 1685–1687 i sterke fargar.

Då det blei bygd ny kyrkje i Bø kring 1870, avgjorde bygdefolket at den gamle kyrkja skulle takast vare på, og ho blei sett i stand for innsamla midlar. Det blei også gjort arkeologiske undersøkingar, som viste at det tidlegare har stått ei mindre trekyrkje på staden. Bø gamle kyrkje er i dag ei av få mellomaldersteinkyrkjer i landet som ikkje har gjennomgått store endringar. Ho representerer ein godt bevart del av norsk mellomalderarkitektur og historie.

I dag blir kyrkja noko brukt til brullaup og konsertar.

Gravkjellaren under kyrkja

Frå kyrkja blei bygd og fram til slutten av 1700-talet, blei prestar med familiane sine, samt kyrkjeeigarar, gravlagde i gravkjellaren under kyrkja. Under ei arkeologisk utgraving i 1985 blei fleire av kistene undersøkt. Ingebjørg Gravjord frå Bø systematiserte og identifiserte mange av personane frå materialet som blei avdekt. Resultata av dette arbeidet blei publisert i 2005 i boka «de sal: folches kisteklæder» i Bø gamle kyrkje.

Kilder

  • Kirkesøk: Bø gamle kyrkje
  • Den norske kyrkja, Midt-Telemark kyrkjelege fellesråd: Bø gamle kyrkje
  • Informasjonsfolderen Kyrkjene i Bø
  • Bø Museums Facebook-side: Gravkjellaren under Bø gamle kyrkje


Koordinater: 59.41103° N 9.05609° Ø