Bakåskollen (veg i Bø i Telemark)
Bakåskollen i Bø i Midt-Telemark kommune er ein blindveg som går frå Bakåsvegen i eit nytt bustadfelt på sørsida av denne. Han er om lag 240 meter lang.
Vegen har namn etter lokaliteten Bakåskollen og blei namnsett i 2013. Her er opparbeidd boligtomter, og utbygginga av feltet starta i 2014.
Kjelder
- Bø kommune, Plan, teknikk og næring, Sak nr. 049/13, 4. juni 2013.
- Kartverket: norgeskart.no