Bakåsvegen (Bø i Telemark)
Bakåsvegen på Bakås i Bø i Midt-Telemark kommune går vestover frå Forbergvegen ved Glennabakken til same veg ved Forberg nordre. Han er om lag 2,4 kilometer lang.
Vegen har namn etter liggjestaden bak Forbergåsen og blei namnsett i 1988.
Kjelder
- Bø kommune, formannskapssak nr. 20, 1. februar 1988.
- Kartverket: norgeskart.no