Bakka (Tinn gnr 56)
Bakka er ein matrikkelgard i Gauset i Tinn kommune. I 1665 finn ein namnet «Backejord», og denne forma vart nytta heilt inn på 1800-talet og tyder på at garden vart utskild frå ein eldre gard, kan hende frå det gamle Gauteset. Garden er i dag delt i fleire bruk, og Sud Bakka, bruksnummer 1, er det gamle hovudbølet.
Bakka | |
---|---|
Alt. namn: | Backejord (1665) |
Stad: | Gausetbygde |
Sokn: | Atrå |
Fylke: | Telemark |
Kommune: | Tinn |
Gnr.: | 56 |
Første gongen vi høyrar om garden er i eit arveskifte frå 1602, der det vert sagt at ein Wettelef Gauteset i 1500 gifta seg med ei Aslaug som eigde eit markebol i Bakkejord. Ætta som tok over garden i 1678 vart sidan sittande på han, sjå brukarlista nedafor.
I matrikkelforarbeidet 1723 er det oppgjeve slåttestaular, ei kvenn, fødsle for ein hest, ni storfe og tolv småfe.
Eigarar/brukarar
- Aslaug (Gauteset), nemnd 1602 som gift med Wettelef Gauteset i 1500, eigde eit markebol.
- Oluf Endresson frå Numedal, pantsette 1611 to markebol i Bakka.
- Gullbrand Mårheim, eigde mesteparten av garden omkring midten av 1600-talet.
- Oluf, eigde ein part omkring midten av 1600-talet.
- Gunnulv Torsteinsson Tveito, kjøpte garden frå Gullbrand Mårheim sine arvingar i 1678.
- Gjermund Knutsson Sunde (d. 1688), makeskifta til seg Bakka (2 tunner skyld) mot Fekjan i Numedal, truleg i 1678.
- Gift med Torbjørg Larsdotter. Gift andre gong etter 1688 med Torkjell Persson frå Numedal. Born ein kjenner:
- Åse Gjermundsdotter (omkr. 1650–1720), gift med Jon Persson. Han hadde dottera Sigrid frå tidlegare ekteskap.
- Simon Gjermundsson (d. omkr. 1752), til Stuvetrå. Gift med Sigrid Jonsdotter, dotter åt mannen til systera hans frå hans første ekteskap.
- Sigurd Gjermundsson, gift med enka Sigrid Augonsdotter Stuvetrå.
- Åse Gjermundsdotter (omkr. 1650–1720), fekk garden på odel med mannen sin 1688.
- Gift med Jon Persson (omkr. 1643–1724). Born ein kjenner:
- Sigrid Jonsdotter (d. 1716) (dotter av Jon frå hans første ekteskap). Gift med Simon Geirmundsson Stuvetrå, bror av stemora.
- Ragnhild Jonsdotter, gift med Lars Halvorsson Rue.
- Ola Jonsson, gift med enka Gyry Jonsdotter Flåten, sjå Flåten.
- Simon Gjermundsson (d. omkr. 1752), kjøpte garden frå verfaren Jon Persson 1719.
- Gift 1) med Sigrid Jonsdotter (d. 1716).
- Gift 2) med Birgit Bjørnsdotter Asland.
- Born ein kjenner (ikkje spesifisert frå kva ekteskap):
- Torbjørg Simonsdotter, gift med Herbjørn Taraldsson Bjørtuft, sjå Bjørtuft.
- Ingebrit Simonsdotter.
- Gjermund Simonsson (omkr. 1717–1761), neste brukar.
- Lars Simonsson.
- Jorån Simosdotter, gift med Tov Jonsson Geisklid, sjå Tverrberg.
- Sigrid Simonsdotter (f. 1726), gift med Ola Olsson Kolbeinsrud, sjå Kolbeinsrud.
- Gjermund Simonsson (omkr. 1717–1761), fekk garden ved skifte etter faren 1752.
- Gift med Ågot Høljesdotter Sjøtveit, enke etter Sondre Espeland, sjå Espeland. Gift 3) med Nils Gunbjørnsson. Born av Ågot og Gjermund som ein kjenner:
- Birgit Gjermundsdotter (f. 1749), gift med Gunnulf Olsson. Born ein kjenner:
- Gjermund Gunnulfsson (1774/1775–1850), smed.
- Simon Gjermundsson (f. 1751).
- Sondre Gjermundsson (1751–1811), seinare brukar.
- Hølje Gjermundsson (f. 1756), sjå Nørstegard.
- Ola Gjermundsson (f. 1758), gift med Lisbet Knutsdotter Åsbergan, sjå Åsbergan.
- Ågot Høljesdotter Sjøtveit, enke etter Gjermund Simonsson, gift 3) med Nils Gunbjørnsson. Hadde garden frå 1761 til 1777.
- Sondre Gjermundsson (1754–1811), fekk skøyte 1777 då broren Simon var sjukeleg og ikkje kunna ta over garden.
- Gift med Margit Øysteinsdotter Svalestogo, sjå Svalestogo. Born ein kjenner:
- Birgit Sondresdotter (f. 1781), gift med Knut Olsson Haslerud.
- Kari Sondresdotter (f. 1785), gift med Eirik Gautesson Midtbøen, sjå Midtbøen.
- Gjermund Sondresson (f. 1787), gift med Anne Olsdotter Asland, sjå Asland.
- Øystein Sondresson (f. 1790), gift 1815 med Åse Olsdotter Åsen, sjå Åsen.
- Ågot Sondresdotter (f. 1792), gift med Knut Olsson Åsen, sjå Åsen.
- Margit Sondresdotter (f. 1795), gift 1814 med Knut Herbjørnsson Moe, sjå Moe.
- Hølje Sondresson (f. 1796), gift med Aslaug Knutsdotter Lofthus. Til Amerika med kone og seks born 1843 (sjå Nørstegard.
- Birgit Sondresdotter (f. 1802), gift med Nils Knutsson Mårheimsrud, sjå Mårheimsrud.
- Margit Øysteinsdotter Svalestogo, i uskifta bu 1811–1813, satt på garden til han vart delt i 1816.
- Gjermund Sondresson (f. 1787), skøyte på halve garden 1816.
- Øystein Sondresson (f. 1790), skøyte på halve garden 1816.
For brukarar etter dette, sjå Sud Bakka og Nord Bakka.
Kjelder
- Einung, Halvor H.: Tinn soga. B. 2. Rjukan. 1953. Digital versjon på Nettbiblioteket
- Bakka i folketelling 1801 for Tinn prestegjeld fra Digitalarkivet