Balestrand kommune
Balestrand kommune var ein kommune i Sogn i Sogn og Fjordane fylke. Administrasjonssenteret var Balestrand, som var einaste tettstad. Kommunen grensa til Førde i nord, Sogndal og Leikanger i sør og Høyanger og Gaular i vest. Balestrand ble eit eige prestegjeld og formannskapsdistrikt i 1849/1850, då området vart skild ut frå Leikanger. Den 1. januar 2020 vart Balestrand del av Sogndal kommune.
Balestrand kommune | |
---|---|
Basisdata | |
Kommunenummer | 1418 |
Fylke | Sogn og Fjordane |
Kommunesenter | Balestrand |
Areal i km²(2020) | 429,67 km² |
Folketal 2020 | 1262 (2018) |
Grunnlagt | 1849/1850 |
Opphørte | 2020 |
Delt i | 2000: Fjærland overførd til Sogndal. |
Slått saman med | 1964: Kvamsøy overførd frå Vik. |
No del av | Sogndal kommune |
Målform | Nynorsk |
Berre kring 10 % av arealet i kommunen er produktivt, og vel 1 % er oppdyrka. Jordbruket er prega av husdyrhald og fruktdyrking, og Balestrand er ein av dei viktigaste fruktbygdene i Sogn. Det finst noko industri. Turisme er ein viktig inntektskjelde.
Dei to gravhaugane Balehaugane ligg nær tettstaden. Dei er datert til kring 800 e.Kr., og er knytta til sagnkongen Bele. På den eine står ein statue av Bele, som vart reist av keiser Wilhelm II av Tyskland i 1913. Kommunenavnet kjem frå gardsnamnet Bale, som i sin tur etter tradisjonen kjem frå sagnkongens namn.
Kvamsøy i Sognefjorden, som vart ein del av Balestrand kommune i 1964, er kjend frå Sverres saga. Her låg Sverre Sigurdsson med sin hær før slaget ved Fimreite i 1184. På øya står Kvamsøy kyrkje som er frå 1200-talet. Det er gjort rike funn frå vikingtida ved Målsnes.
Eksterne lenker
- Første versjon av artikkelen er henta fra Preus museums register over norske fotografer.
- Balestrand kommune, lokalhistorisk arkiv på Digitalt museum.
- Balestrand kommune, lokalhistorisk arkiv på KulturNav
|