Barlindbotn krins

Barlindbotn krins i gamle Eikefjord kommune ligg ved Eikefjorden. Krinsen hadde skule fram til 1960. Då vart elevane flytta over til Tonheim krins på andre sida av fjorden. Årsaka var lågt elevtal i Bralindbotn krins. I 1962 vart elevane frå Barlindbotn og Tonheim flytta vidare inn til Eikefjord krins og Eikefjord sentralskule

Skuleveg

Skuleskyss frå Bralindbotn til Tonheim var med båtrute. Det var også båtrute inn til Eikefjorden sentralskule. Det var Lars Kalsvik som hadde denne båtskyssen, med den vesle båten Viking. Viking var ein trebåt som ikkje kunne gå i is. Om vinteren måtte foreldra frå Barlindbotn ofte følgje ungane rundt bukta, ofte heilt til Kvalsvikane for å finne isfri sjø. Ved dårleg vær vart skuleruta instilt. Då hende det at elevane måtte overnatte i Eikefjorden.

I 1969 fekk Barlindbotn vegsamband og det vart skuleskyss landevegen.

Skulehus

Barlindbotn skule

  • Byggeår: 1916
  • Fungerte som skule: 1916-1960
  • Anna bruksområde: Skulehuset fungerte ei tid som grendahus. Etter kvart vart huset gjeve tilbake til garden som opphaveleg hadde gitt fri grunn til skulen.


Lærarar

Etternamn Fornamn Fødd Skule Tilsett år Slutta år Utdanning frå Merknad
Hjertenes Karl P. 1848 Barlindbotn Han gav fri grunn til skulehuset
Steinhovden Abraham.B 1900 Barlindbotn, Bjørnset krins og Solheim krins (Bru) 1968 Skuleinspektør og kjend som ein god kommunepolitikar
Joleik Olava Barlindbotn
Jagedal Sverre Barlindbotn

Foto

Kjelder og litteratur

Prenta kjelder

  • Lothe, Anders A. (1971) Skulesoga i Kinn prestegjeld gjenom hundrad år 1762-1860. Flora sogenemnd. Digital versjonNettbiblioteket.
  • Stavang, Harald J. (1999) Flora, kulturhistorisk vegvisar.
  • Endestad, Odd Asle (2016) Frå fundas i 1743 via bygdeskular og sentralskule, til ny skule i Eikefjorden i 2016.

Digitale kjelder


Koordinater: 61.583064° N 5.330527° Ø