Bergheim krins
Bergheim krins i gamle Breim kommune vart oppretta i 1927 då Gåsemyr krins og Teita krins krins vart slegne saman. Den nye krinsen fekk flytte inn i nytt skulehus på Bergheim.
I 1970 vart krinsen lagt ned og elevane flytta til den nyoppretta Byrkjelo krins.
Skulehus
Bergheim skule
- Byggeår: 1927
- Fungerte som skule: 1927-1970
- Anna bruksområde: Grendahus
Skuledagen
Skuleelevane hadde kvar sine dagar dei skulle fyre opp i skulen. Då måtte dei gå ein time tidlegare enn vanleg for å fyre. Dei var ofte to i lag om dette arbeidet.
Skulevegen
Lærarar
Namn | Fødd | Skule | Tilsett år | Slutta år | Utdanning frå | Merknad |
---|---|---|---|---|---|---|
Nils Bjørkelo | 1877 | Gåsemyr, Teita, Førde, Bergheim | 1927 | 1942 | ||
Ola Råd | Bergheim | 1942 | 1956 | |||
Sigurd Egge | Bergheim, Førde | 1952 | 1967 | |||
Karoline Skram Gåsemyr | Gåsemyr, Bergheim | |||||
Elisabeth Øvreseth | Bergheim | 1956 | 1957 | |||
Karoline Råd | Bergheim | 1957 | 1969 | |||
Halldis Hamsås | Bergheim | 1967 |
Foto
Kjelder og litteratur
Prenta kjelder
- Sandal, Per (1978) Soga om Gloppen og Breim, band 1. Sandane.
- Sandal, Per (1979) Soga om Gloppen og Breim, band 2. Sandane.
- Femårsmeldingar om folkeskulen 1891-1895, 1896-1900 og 1901-1905
- Skriftnemnda (1989) Skulane i Breim 1739-1989.