Bergit Færøy (1875–1951)
Bergit Færøy (fødd 31. mai 1875 i Solund, død 1951 same stad) var lærar. Ho tok eksamen ved Stord lærarskule i 1895. Ho var hjelpelærar i Solund 1898-1909. I 1911-1915 var ho lærar i Bodin og 1915-1918 var ho lærar i Askvoll. I åra 1918 til ho var pensjonist i 1934 var ho lærar i Strandvik (i dag Bjørnafjorden). Bergit flytte attende til Hersvik i Solund då ho vart pensjonist og bygde hus saman med systera Ystina, dei budde i lag resten av livet. Broren Johan Færøy var lærar i Solund.
Foreldra var bonde Andreas Einarson Færøy og Anne Fredrikka Petersdotter Tveranger.
Kjelder
- Norske skulefolk. Utg. Dreyer. 1934. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Solund : gards- og ættesoge til 1980 : B.2. Utg. Solund sogenemnd. 1982. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Djupvik, Trond: Det gamle skolehuset på Vinnes. I: Fusa før i tio 1989. Utg. Fusa kulturminnelag. 1989. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Bergit Færøy 70 år: Bergens tidende 1945.05.31, s. 2. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Bergit Færøy 75 år: Firda Folkeblad 1950.05.25, s. 2. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Bergit Færøy i Historisk befolkningsregister