Bergtun (Bykle gnr 5/2)
Bergtun ved Berdalsbru i Bykle kommune vart oppsett av Olav A. Nesland i 1951. Han og kona flutte inn her våren etter. Olav var son åt Arne Mikkelsson Rygnestad på Sygard Nesland og kona Gunvor Ånundsdotter, fødd Hoslemo.
- Olav Arneson Nesland, f 1909, d 1989.
Bergtun | |
---|---|
Bergtun 5.8.2005. Foto: Aanund Olsnes
| |
Rydda: | 1950 |
Utskilt: | 1952 |
Stad: | Berdalsbru |
Sokn: | Bykle |
Fylke: | Agder |
Kommune: | Bykle |
Gnr.: | 5 |
Bnr: | 2 |
Type: | Bustadseigedom |
Adresse: | Berdalsbruvegen 8 |
- g 1949 m Tone Olavsdtr. Vatnedalen, f 1924. Born:
- Gunvor f 1951, barnevernspedagog, sb m Rolf Breivik, busett Oslo, born:
- Trine, f 1983
- Ingrid, f 1953, sjukepl., 2004 DPS-sjef ved Sykehuset Østfold HF, busett Kristiansund, g m Ola Dagfinn Boksasp, born:
- Fredrik, f 1980
- Olga, f 1955, cand. mag., salskonsulent, g m Sven Ose, Bygland, 2003 busett Kristiansand, born:
- Knut, f 1984
- Tone, f 1987;
- Olav, f 1990
- Gro, f 1957, stortingsreferent, g m Kenneth Kybo, 2003 busett Bærum, born:
- Marianne, f 1988
- Astrid, f 1960, forretningsdrivande, g m Odd Rune Simonsen, 2003 busett Nordkisa, Ullensaker, born:
- Olav Johan, f 1988
Tone kom frå Systog Dalen, gnr 6, bnr 18. Foreldra hennes var Olav Olavson (Åsen) Vatnedalen og kona Ingrid Sjursdotter, fødd Vatnedalen.
Olav hadde arbeidd ei tid som jaktoppsynsmann i Njardarheim for Thv. Heiberg, men sidan dreiv han i gruva på Evje, og året etter at han gifte seg i 1949 fekk han stillinga som tilsynsmann på kraftstasjonen som Aust-Agder Kraftverk hadde bygt ved Berdalsbru. Dette var bakgrunnen for at han flutte hit, og vart verande her enda om han frå 1950 også var eigar av Sygard, gnr 10, bnr 3. Omstenda kring dette er nærare utgreidde i bolken om det bruket. Elles var han sterkt engasjert i politikken. Han representerte Kristeleg Folkeparti i kommunestyret i mange år, og var ordførar i Bykle 1976-1983.
Tone bur (2005) framleis i huset frå 1951.
Bergtun (Bykle gnr 5/2) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no. Sjå også: Forside • Føreord • Innleiiing • Litteratur og kjelder |