Bondeungdomslag

Bondeungdomslag (BUL) er ei nemning oftast nytta om frilynde ungdomslag i byane tilknytta Noregs Ungdomslag. Det første bondeungdomslaget var Bondeungdomslaget i Oslo, skipa i 1899. Mange av bondeungdomslaga var òg tilknytta Noregs Mållag.

I denne samanhengen betyr ikkje bonde nødvendigvis ein som dreiv med gardsarbeid, men ein som kom flyttande inn til byen frå bygda. Desse bondeungdomslaga kan òg omtalast som innflyttarlag.

Utover i mellomkrigstida blei det òg skipa til bygdeungdomslag i einskilde bygder, særleg på Austlandet, knytta til bondelaga. Desse er medlemslag i Norges Bygdeungdomslag.

Bondeungdomslag tilknytta Noregs Ungdomslag
Namn Skipa
BUL Oslo 1899
BUL Ervingen, Bergen 1900
BUL Stavanger 1900
BUL i Nidaros 1904
BUL Skien 1906
BUL Bergen 1909
BUL Steinkjer 1909
BUL Kristiansand 1911
BUL Namsos 1911
BUL Drammen 1912
BUL Måna, Rjukan 1912
BUL Narvik 1913
BUL Tromsø 1914
BUL Sarpsborg 1915
BUL Moss 1916
BUL Kongsviner 1916
BUL Notodden 1916
BUL Svolvær 1919
BUL Levanger 1920
BUL Symra, Molde Før 1921
BUL Harstad 1922
BUL Kongsberg 1923
BUL Sandar 1925
BUL New York 1925
BUL Bodø 1932
BUL Molde 1933
BUL Florø 1936
BUL Mo i Rana 1961