Brandlie (Lesja)
Brandlie (-li i bunden form, sterkt hokjønn, dativ: «i Brandli'n») er ein namnegard (med gardsnummer 18) i Lesja kommune og den austlegaste garden i Kyrkjekretsen på Lesjaskogen. Garden er nemnt fyrste gongen i ei skatteliste i 1612. Garden vart truleg nyrydda på den tida.
Brandlie | |
---|---|
Alt. namn: | Brandli, Brandlien |
Fyrst nemnd: | 1612 |
Stad: | Lesjaskogen |
Sokn: | Lesjaskog |
Fylke: | Innlandet |
Kommune: | Lesja |
Gnr.: | 18 |
Bnr: | 1 |
Postnummer: | 2668 |
Tydinga av det samansette gardsnamnet er usikker, jfr. O. Rygh. Mest trulege kjem det av brenning, avsviing av vegetasjon i samband med nydyrkinga.
Brandlie har ikkje vore bruksdelt på ordinær måte, men hadde to husmannsplassar, Brandlistugu og Brandliskridu, der den fyrstnemnte vart frådelt og skyldsett med eige gardsnummer.
Brandlie hadde seter på Alfsetre på sørvestsida av Aursjøen inst på Dalsida. Ho vart bygd i 1849 og rive i 1954 i samband med Aurautbygginga.
Eksterne lenkjer
- Brandlien i folketeljinga 1801 for Lesja prestegjeld frå Digitalarkivet.
- Brandslien i folketeljinga 1865 for Lesja prestegjeld frå Digitalarkivet.
- Brandlien i folketeljinga 1875 for Lesja prestegjeld frå Digitalarkivet.
- Brandlien i folketeljinga 1900 for Lesja herred frå Digitalarkivet.
- Brandli i folketeljinga 1910 for Lesja herred frå Digitalarkivet.
Litteratur
- Einbu, Per og Arnfinn Kjelland 1988: Setrane i Lesja i teikning og tekst. Utg. A. Kjellands forlag. 1988. Digital versjon på Nettbiblioteket: s. 158.
- Brandli, Olea 1987: Eit minne frå siste sumaren på Alvsætra. Årsskrift for Lesja historielag s. 51-53.
- Kjelland, Arnfinn: Bygdebok for Lesja bd. 1. Gards- og slektshistorie for Lesjaskogen. Utg. Lesja kommune. 1987. Digital versjon på Nettbiblioteket: s. 434-443.