Dampfartøy

Eit dampfartøy er eit fartøy der framdrifta er utført av ein dampmotor eller ein dampturbin tilknytt hjulaksel for hjuldampar eller propellaksel og propell anten direkte eller gjenom eit reduksjonsgir.

Arendal hamn med hjuldampar1800-talet.

Energien til dampdrift er; turr ved, kol, koks, olje og gass. Det er òg i stor utstrekning brent søppel med høgt nok energiinnhald ved behov (til dømes innreiing, dekksplankar, overbygning/rorhus, kvalolje, lever og tran).

Energien varmar opp vatn i ein kjele i eit lukka løp. Vatnet går over i dampform ved oppvarming. Dampen bygg trykk og blir via ventilar sleppt inn i sylindrane i ein dampmotor eller til dampturbin. Dampmotor og dampturbin omdannar energien til dreiemoment på utgåande aksel (utgåande aksel har truleg vore kalla PTO, power take off, sidan eingong rundt 1850). Dette dreiemomentet blir omsett til skyvekraft og framdrift på roterande propellaksel og propell for tyngda av desse fartøya. Tidlege variantar er hjuldamparar der tverraksel i fartøyet, med skovl-hjul på, er veivaksel i dampmotoren (i norsk lokalhistorie til dømes «Skibladner» på Mjøsa).

Overføring frå PTO til propell med direkte tilkobla aksling er rekna å ha minst tap og er sterkast. Andre løysingar, elektrisk generator på PTO og el.motor til propellaksel og hydraulikkpumpe på PTO og hydraulikkmotor til propellaksel finn ein nok og. Desse siste gir friare plassering av enkeltkomponentane.

Mykje av desse anlegga hadde fast propell og omkastbare stempelmotorar. Det skulle ein del trening til for maskinfolket for at dette vart rett kvar gong ny ordre vart gitt. Der var to skrekkvisjonar. Anten ein nervøs båtførar der ordrane kom for ofte, eller at dampmotoren stod i «dødens posisjon» (ND = nedre dødpunkt og ØD = øvre dødpunkt. Akkurat i ØD er det og umogeleg å få til rotasjon) ved vending (ein må ha eit stempel utanfor dødpunkt å trykke ned for å få til rotasjon på motoren).

Rommet anlegget står i vart kalla maskinrom (i motsetning til romet semidieselen stod i på motorbåtane. Det heitte motorrom sa den eldre garde på kysten).

Kjelder og litteratur