Diktarbygda Trysil
Trysil er blitt kjent som «diktarbygda». Utanom dei største byane er Trysil truleg den kommunen som kan skilte med flest kjende forfattarar pr. innbyggjar gjennom dei siste 100-150 åra. Allereie før krigen (1939) var seks forfattarar frå Trysil medlemmar i Den norske Forfatterforening. Ein Trysil-diktar har vore leiar i forfattarforeininga (Sigmund Løvåsen, 2012-2017) Lista over kjende namn ser slik ut, og kan truleg gjerast enda lengre:
- Sven Moren (1871-1938)
- Haakon Garaasen (1887-1957)
- Halvor Floden (1884-1956)
- Haakon Nyhuus (1866-1913)
- Ole Haugen-Flermoe (1878-1956)
- Einar Skjæraasen (1900-1966)
- Halldis Moren Vesaas (1907-1995)
- Magne Nybakk (1911-2000)
- Magnus Buflod (1908-1997)
- Magne Østby (1915-1996)
- Sigmund Moren (1913-1996)
- Dagfinn Grønoset (1920-2008)
- Tormod Haugen (1945-2008)
- Thorbjørn Bakken (1945-)
- Sigmund Løvåsen (1977-)
- Hans Ola Østby (1996-)
Kjelder og litteratur
- Trysil kommune sin nettstad
- Skrede, Magne: "Trysil i norsk dikting" i Trysil-boka. Alminnelig del II. Utg. Trysilboknemnda. 1964. Digital versjon på Nettbiblioteket.