Eilert Moe
Eilert Moe (1879–1936) var ein lærar, dialektforskar og målmann frå Rindal kommune på Nordmøre.
Eilert Pedersen Moe vart fødd fredag 3. januar 1879 og døypt i Rindal kyrkje søndag 2. februar same året[1] som son av skulelærar Peder Magnussen Moe (f. 1854), som opprinneleg var frå Stjørdalen), og Marit Evensdtr., f. Onsøyen, som opprinneleg kom frå Buvika i Skaun kommune. Eilert utdana seg til lærar ved Tromsø seminar og tok deretter skulepostar i Soknedalen og Meldalen føre han fekk lærarpost i Romundstad krets i Rindal kommune, der han vart verande resten av livet. Ved sida av lærargjerninga dreiv Eilert Moe blant anna med dialektgransking, og han gav ut i alt tre bøker om nordmørsdialekten. Eilert Moe dødde i Rindalen 8. august 1936.
Bibliografi
- Mo, Eilert: lita utgreiding um stavingsdeling i Rindalsmaale. Utg. Dybwad. Kristiania. 1915. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Mo, Eilert. Nokre salmevers. Utg. Noregs boklag. Oslo. 1931. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Moe, Eilert: Norskupplæringa i folkeskulen : fyreordnigar til samtaler på sammøte av skulestyre og lærarar i Rindal åra 1925 og 1926. Svorkmo : [s.n.], 1927.
- Mo, Eilert. Todalsmålet (Nordmøre). Utg. Studentmållaget. Oslo. 1922. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Mo, Eilert. Tonelagstilhøve i rindalsk : med umtale av nokre eksperimentale freistnader på Det fonetiske institutt. Utg. I kommission hos Dybwad. Kristiania. 1923. Digital versjon på Nettbiblioteket.