Eilert Moe

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Moe, Eilert»)
Hopp til navigering Hopp til søk

Eilert Moe (18791936) var ein lærar, dialektforskar og målmann frå Rindal kommuneNordmøre.

Eilert Pedersen Moe vart fødd fredag 3. januar 1879 og døypt i Rindal kyrkje søndag 2. februar same året[1] som son av skulelærar Peder Magnussen Moe (f. 1854), som opprinneleg var frå Stjørdalen), og Marit Evensdtr., f. Onsøyen, som opprinneleg kom frå Buvika i Skaun kommune. Eilert utdana seg til lærar ved Tromsø seminar og tok deretter skulepostar i Soknedalen og Meldalen føre han fekk lærarpost i Romundstad krets i Rindal kommune, der han vart verande resten av livet. Ved sida av lærargjerninga dreiv Eilert Moe blant anna med dialektgransking, og han gav ut i alt tre bøker om nordmørsdialekten. Eilert Moe dødde i Rindalen 8. august 1936.

Bibliografi

  • Moe, Eilert: Ei lita utgreiding um stavingsdeling i Rindalsmaale : serleg um deling paa vokal. Kristiania : Dybwad, 1915. (BIBSYS)
  • Moe, Eilert: Nokre salmevers. Oslo : Noregs boklag, 1931. (BIBSYS)
  • Moe, Eilert: Norskupplæringa i folkeskulen : fyreordnigar til samtaler på sammøte av skulestyre og lærarar i Rindal åra 1925 og 1926. Svorkmo : [s.n.], 1927. (BIBSYS)
  • Moe, Eilert: Todalsmålet (Nordmøre). (Norske målføre; 6) Oslo : Studentmållaget, 1922. (BIBSYS)
  • Moe, Eilert: Tonelagstilhøve i rindalsk : med umtale av nokre eksperimentale freistnader på Det fonetiske institutt. Kristiania : I kommission hos Dybwad, 1923. (BIBSYS)

Fotnotar

Litteratur og kjelder