Enok Nilsen Gylland (1770–1832)
Enok Nilsen Gylland (fødd 1770 i Horg, død 1832 same staden) var husmann og rokkmakar i grenda Gylland i Horg, i dag i Melhus kommune.
Han var son av Nils Enoksen Gylland (1745–1819) og Berit Bersvendsdatter Haugen (1743–1828).
I 1797 vart Enok Nilsen gift med Anne Larsdatter Valdum (1765–1845). De fikk tre barn:
- Berit Enoksdatter Gylland (1798–1844), ugift.
- Berit Enoksdatter Gylland (1801–1876), ugift og hadde ei funksjonshemming.
- Gjertru Enoksdatter Gylland (1806–1889). Gift med Peder Pedersen Hovin.
Hans farfar Enok Andersen Mosmælen (1708–1784), òg kjend som Enok Skolemester, var skulehaldar i Horg frå 1741. Han budde først på Bye, og tok så over Nordre Gyllbakken. Sonen Nils tok over plassen i 1770, og då han døydde i 1819 tok Enok Nilsen over.
Då Enok Nilsen døydde i 1832 hadde enka sin halvpart av buet hadde ein verdi på 23 dalar 4 ort og 10 skilling, ikkje så reint lite for ein husmann. Svigersonen Peder Pedersen Hovin tok over plassen. Gjertu og Peder fekk fire born, og eldstesonen Enok Pedersen Gylland (1828–1891) tok over plassen og fekk skøyte på den i 1857 - og han vart rokkmakar som sin morfar.
Litteratur og kjelder
- Enok Nilsen Gylland i Historisk befolkningsregister.
- Haukdal, Jens og Asbjørn Furunes: Busetnad og folkeliv i Horg. 2 : Gard og grend. Utg. Melhus kommune. Melhus. 1985. Digital versjon på Nettbiblioteket.