Erik Almhjell

Erik Almhjell (fødd 25. november 1881, død 25. april 1963) var ein notekyndig spelemann frå SunndalenNordmøre. Erik heldt seg til tyskfela og la stor vekt på å formidle tradisjonen nøyaktig heller enn å satse på moteriktig kappleiksspel. Opptaka av Erik Almhjell åleine og i fleirstemt samspel med sambygdingen Tore Hoås, så vel som notenedskriftene Erik gjorde, utgjer svært sentrale kjelder for sunndalstradisjonen av folkemusikken på Nordmøre. Særleg interessante er opptaka av sunndalsspringaren.

Magnhild og Erik Almhjell i 1948.

Biografi

Erik Almhjell var son av Iver Olsen og Anne Eriksdt.[1] Erik gifta seg i 1948 med Magnhild Havdal frå Tingvoll, og dei busette seg på Åkerfallet under Havdalen ved Meisingset.

Fotnotar


Lydopptak

Kjelder

Pekarar