Folkemusikk på Nordmøre

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Samling kring bordet på hotellet på Skei: Vi ser bl.a. felespelmannen John Røen (med svart vest; Stangvik), polsdansarane Ragna og Anders Ansnes (med nordmørsbunad; Todalen) og visesongaren Kolbjørn Botten (i blågrønn blazer; Valsøyfjord).
Foto: Olve Utne (1996).

Folkemusikken på Nordmøre heng naturleg nok i hop med folkemusikken i nabodistrikta. På Nordre Nordmøre så vel som Tingvoll og i Surnadalen og Rindalen var nok sambandet sterkast mot Trøndelag. Sunndalen står i ei mellomstilling mellom Oppdal, Nord-Gudbrandsdalen og Romsdal. Søndre Nordmøre har ein del drag i retning Romsdal. Folkemusikken i området står òg i nær samanheng med det generelle musikklivet på Nordmøre, inkludert den klassiske musikken. I tillegg til vokalmusikken har det tradisjonelt vore mykje bruk av tyskfɛ'l (flatfele), kḷanét (klarinett) og trommo (trommer), og frå 1800-talet av, zither, trekkspel, gitar og andre instrument det var greitt å få tak i. Typiske dansar inkluderer pols/springar og halling, så vel som bruramasj til prosesjonar. Det meir gammaldansprega repertoaret inkluderer rilender (reinlender), masjurka (mazurka), vals, hoppvals (polka), pariser (parisarpolka) m.m. Blant dei mest kjente folkemusikarane kan nemnast felespelarane Gottfred Hans Fabian von Eppingen, Halvor Ørsal, Holger Aresvik, Erik Almhjell og Nils Bakke; og songaren Magnhild Havdal Almhjell.