Magnhild Havdal Almhjell

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk
Magnhild Havdal Almhjell
Magnhild og erik almhjell.jpg
Magnhild og Erik Almhjell i 1948.
Personalia
Fødselsdato: 11. juni 1894
Fødselsted: Oppigarden i Havdalen i Tingvoll
Bortgang: 13. mai 1985
Dødssted: Tingvoll sjukeheim, Tingvoll
Nasjonalitet: Norsk
Felt: Folkesongar

Magnhild Havdal Almhjell (18941985) var ein norsk folkemusikkutøvar frå TingvollNordmøre.

Biografi

Magnhild Havdal vart fødd den 11. juni 1894 i Oppigarden i Havdalen inst i Tingvoll kommune på Nordmøre. Mora, Karen Havdal, dødde i 1895, berre 23 år gammal. Etter at Magnhild miste mor si, vaks ho opp hos besteforeldra på Havdal. Ho fekk mykje tradisjonsstoff frå morfaren, Kristoffer Knutson Havdal (18221912), og av mormora, Magnhild Eriksdotter Havdal, f. Valset (Ålvundeid) (18411942), lærte ho mange gamle tonar. Mormora vaks opp hos far sin, Erik Larsson, f. Brandstad.

Magnhild var flink på skulen, og ho gjekk ut av folkeskulen med hovudkarakteren 1,57. I bibelhistorie, forklaring og munnleg norsk fekk ho 1 blank. Ho gjekk ikkje vidare med utdanninga, men i 1924 tok ho korrespondansekurs i matematikk, norsk og engelsk. M. var ei aktiv kvinne med klåre meiningar, og interessene hennar gjekk i mange retningar. Ho var aktiv «norskdomskvinne». Elles var ho interessert i bl.a. naturmedisin (ho korresponderte med redaktøren for tidsskriftet Naturlægen (Olvik)), dyrevern, tradisjonar (enten det galdt musikktradisjonar, handverkstradisjonar, handarbeidstradisjonar eller haldningar til gammalt og nytt i det heile) og religion. I det private liv førte dette blant anna til aktivitetar som plantefarging, og ho koka gjerne si eiga såpe.

Som samfunnsmenneske engasjerte ho seg som medlem eller innehavar av ulike tillitsverv i foreiningar og organisasjonar. Som eksempel på nokre av dei organisasjonane ho var tilknytt kan nemnast:

Ho var òg kommisjonær for ulike blad og forlag. I avisa Romsdalsposten (Kristiansund) hadde ho mange innlegg under ymse pseudonym. Blant emna ho tok opp kan nemnast lokalhistorie, tradisjonar, religion og helse.

Magnhild arbeidde som postberar frå 1914 til 1947. I 1936 kjøpte ho garden Åkerfallet. Dei første åra var ho i Havdalen om vintrane, men frå bestemora døydde i 1942 budde ho på Åkerfallet heile året. I 1948 gifte ho seg med Erik Almhjell (18811963). Han var spelemann og kom frå SunndalenNordmøre.

Magnhild song inn på lydband fleire gonger. Etter at ho og Erik i 1953 eller 1954 song og spela inn på lydband for Torleiv Skjøtskift, vart det teke kontakt med O.M. Sandvik. I desember 1954 reiste så ho og Erik til Oslo og song inn tonar på lydband for det daverande Norsk folkemusikkinstitutt.

Rolf Myklebust i Folkemusikkhalvtimen i NRK gjorde opptak med henne i november 1957, juni 1958, mars 1962 og november 1962. Ho var med på å sette i gang Tingvoll historielag og bygdemuseum i 1959. Etter at ho fikk hjerneslag i 1966, flytte ho inn på Tingvoll aldersheim. Ho dødde på Tingvoll sjukeheim den 13. mai 1985.

Magnhild som representant for folkemusikktradisjonen

Ein tenkjer seg gjerne folkemusikken som ein ikkje-notert populærmusikktradisjon blant gjennomsnittlege (folkelege) menneske. Det kan vera grunn til å spørje om dette utan vidare er sant. Om ein skal tenkje seg dette som den primære ramma kring folkemusikken, så vil ein kunna få visse problem. For det første er det oftast slik at visse menneske driv meir med musikk enn andre, og det å ha musikken som leveveg (heilt eller delvis) er heller unntaket enn regelen. Vi veit at mange av dei vesentlige tradisjonsberarane har hørt med til unntaka. For det andre er det gjerne slik at det er meir musikk i visse slekter enn i andre, og enkelte slekter står heilt klart fram som musikarslekter.

Ein kan vel trygt seie at Magnhild er eit typisk eksempel på denne sorten atypisk menneske, og ho kan, ettersom kjernen av stoffet er etter besteforeldra, seiast å representere ein slektstradisjon. Folkemusikken blir gjerne sagt å vera ikkje-skriftleg. Det er likevel heilt klart at ein vesentleg del av tradisjonen, både når det gjeld Magnhild og når det gjeld dei fleste andre folkemusikkutøvarane i denne delen av verda, er basert på skriftlege tekstar (salmar, visse typar visor). Magnhild skreiv òg ned mange av dialekttekstene.

Mange av felespelemennene på Nordmøre var «atypiske» på same vis som Magnhild — dei kunne notar, nokre av dei spela òg klassisk musikk, og dei kunne vera kordirigentar, lærarar, regimentsmusikarar eller liknande. Folkemusikk var ikkje deira totale musikalske verd som folkemusikarar, men ein del av repertoaret. Dette repertoaret var heller ikkje nødvendigvis berre munnleg tradert, men kunne i større eller mindre grad vera basert på notar. Når vi karakteriserer deler av denne musikken som folkemusikk, er dette med andre ord ikkje primært ut frå kven som utfører han. Det er heller ikkje nødvendigvis måten musikken blir lært på, eller for den saks skyld om komponisten og/eller tekstforfattaren er kjend eller ukjend. Definisjonen må liggja i sjølve musikken. Når det kjem til stykket ser det ut til at den tyske filosofen og leksikografen Johann Gottfried Herder (17441803), opphavsmannen åt termen «Volkslied», sin definisjon er den mest dekkjande i denne samanhengen: Ein folkemelodi er «folket sin levande stemme». Ut frå denne definisjonen blir spørsmål som om utøvaren har notert musikken på noko vis, om han/ho kjenner til kven som har laga melodien, eller om utøvaren sjølv er komponisten, sekundære.

Genrane i Magnhild-materialet

Litterære viser

Når det gjeld opphavet til dei litterære visene, så veit vi ein del. Mange av dei gamle religiøse visene finn vi att i Kingo sine salmebøker frå slutten av 1600-talet. Desse melodiane og fleire med dei ser ut til å høre til ein felles nordeuropéisk tradisjon.

Salmar

Salmane har stort sett ein tonalitet, melodikk og syngemåte som med sine alderdomlege trekk delvis peikar attover mot renessansen og mellomalderen i europeisk kultur. Blant desse trekka kan nemnast den ikkje alltid symmetriske taktarten, toneartane med sine modale trekk og ornamenteringssystemet som mykje byggjer på forslagstonar og melismar. Av arkaiske trekk som ikkje bevisleg peikar attover mot renessansen og mellomalderen i europeisk kultur kan nemnast intonasjonssystemet som byggjer på bruk av bl.a. 3/4-tonar som melodiske intervall.

Skillingsviser

Skillingsvisene, som ein kan seie hadde si blomstringstid på 1800-talet, er stort sett fellesskandinavisk stoff. Dei har vanlegvis ein meir moderne stil, med tydelege stiltrekk frå den europeiske 1800-talsmusikken. Slik finn ein blant anna stort sett regelmessige 2- eller 3-delte taktartar, eit enkelt tonalt system bygd på heile og halve trinn og eit ornamenteringssystem som stort sett byggjer på ein utstrakt bruk av portamento (glidetonar) . Ein del eldre viser må stilmessig plasserast blant salmane.

Dialektviser

Dialektvisene har gjerne ei enklare oppbygging enn dei litterære visene. Ein viktig grunn til dette er sjølvsagt at mange av desse er barnesongar. Stiltrekka går stort sett på hyppig bruk av additiv rytmikk, der ein har faste slag, men eit varierande tal av dei innafor kvar takt og ein svært enkel tonalitet, gjerne basert på pentatonikk eller ein heksakord T1–T6 med eller utan leietone under.

Setermelodiar

Hit reknar vi berre to melodiar i materialet: Kringelhauken og «Stát upp, Maggedúliadei». Karakteristisk her er høgt leie, signalaktige melodiar, koloraturtendensar, nonsensord og uthaling av visse tonar i fraseslutt. Grunntonekjensla er gjerne svak — det er gjerne fleire tonar som kjennest som tonale senter. Intonasjonen blir prega av mikrotonale avskyggingar med assosiasjonar til overtonerekkja.

Kjelder

Lydopptak

Bøker og utgjevne opptak

  • Olve Utne: Nokre aspekt ved transkripsjonsmåte og tonalitet i eit folkemusikalsk materiale frå Nordmøre. Hovudoppgåve i musikk, Universitetet i Oslo, hausten 1996. [1]
    • 2. rev. utg. West Hempstead (Hassafon), 2006. [2]
  • Utne, Olve og Kleivset, Anne: Songen hennar Magnhild : Magnhild Havdal Almhjell (1894-1985). Tuddal (Buen kulturverkstad), 1994. (Bok (112 s.) + lydkassett) [3]

Pekarar

Eksterne lenker