Fallbekkvegen (Seljord og Vinje)
Fallbekkvegen går sørover frå vegen Gjevarvatn i Seljord kommune. Ved Grytåi kryssar vegen kommunegrensa mot Vinje, men etter 570 meter går han inn att i Seljord og endar ved nr. 344 på Revsnes. Det går også ei forgreining av vegen sørvestover mot Kloppemyrane. Vegen fram til Revsnes er om lag 3,5 kilometer lang.
![](/thumb.php?f=Seljord%2C_Fallbekkvegen-1.jpg&width=400)
Fallbekkvegen sett nordover ved Grytåi sitt utlaup i nordenden av Gjevarvatn.
Foto: Roy Olsen (2021).
Namneopphavet til vegen er truleg støylen Fallbekk som ligg ved bekken Fallbekk nær vegens ende. Det er fleire namn med Fallbekk i her – myra Falbekkstorren, Fallbekkhovi, Fallbekkodden og Fallbekkgronnan i Gjevarvatn. Namnevedtak vart gjort i 2010.
Kjelder
- Kartverket, norgeskart.no