Finnset (Aure)
Finnset, gnr. 67, er ein matrikkelgard på nordvestsida av Skardsøya i Aure kommune på Nordmøre. Garden grensar mot Melland i sør. I slektsnamn blir namnet skrive Finset og Finseth.
Finnset | |
---|---|
Fylke: | Møre og Romsdal |
Kommune: | Aure |
Gnr.: | 67 |
Type: | matrikkelgard |
Postnummer: | 6698 |
I 1883 gjekk dampbåten "Primus" på grunn utanfor Finnset, men alle i mannskapet fekk berga seg i land.
I 1919 var Finnset åstad for ei tragisk mineulukke, der gardbrukaren, to søner og ein minør frå Horten døydde.