Fjordmannsleia

Fjordmannsleia er ei kulturminneløype som er blitt sett saman i Herøy kommuneSunnmøre i samband med Kulturminneåret 2009.

Løypa Fjordmannsleia startar i Måløysundet, om lag der Rovdefjorden og Voldsfjorden møtest. Ho går nordover, over Leikongbukta og rundt Årsnespynten til Kjeldsund. Vidare til Dragsund, så mellom Dimna og Gurskøya og mellom Indre Røyra og Kriksholmane. Leia fortsett utover Kvitøystraumen, vestover mot Bymannen og nordom Storneset, vidare på innsida av Gullura. Vidare vestover gjennom Stokksundet nord om Nautøya til Herøy. Vidare nordover mellom Bergsøya og Leinøya til Flusund, Leinevikja og vestover til Fosnavåg. Til sist går leia heilt vest til Flåvær og Flåvær Fyr, som er endepunktet for Fjordmannsleia.

Fiskarane inne i fjorden, frå Ørsta og Volda, rodde om vinteren fiske ved havgapet ute ved Herøy. Dei kunne liggje vel ein månad og fekk seg husly på gardane, i sjøbudene eller i såkalla Fjordmannstover.

Kjeldsund

Dragsund

Stokksundet

Herøy

Flåvær Fyr

Sjå Flåvær fyrstasjon

Kjelder og litteratur

  • Region@visa : gratisavis for: Hareid, Herøy, Sande, Ulstein, Vanylven, Volda, Ørsta. Vedl. til 18 august. Utg. Regionavisa. 2010. Digital versjonNettbiblioteket.


  Hele eller deler av Fjordmannsleia er basert på en artikkel fra prosjektet Kulturminneløypa og er lagt ut på lokalhistoriewiki.no under lisensen cc-by-sa. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Når artikkelen har fjernet seg tilstrekkelig fra originalen, kan dette merket fjernes.
Flere artikler finnes via denne alfabetiske oversikten.