Flatdal mekaniske verkstad

Flatdal mekaniske verkstad blei starta av Gunnar Haugen i Flatdal i Seljord kommune i 1958. Verkstaden produserer mellom anna grafikkpresser for kunstnarar. Terje Grøstad var den fyrste som bestilte ei slik presse, og etter dette har Haugen eksportert presser til både England, Island og USA.

Flatdal mekaniske verkstad i Flatdal.
Foto: Siri Iversen (2023).

Gunnar Haugen var utdanna landbruksmekanikar, og hadde læretid frå Trosvik Verksted. For å starte eigen verksemd tok han opp eit lån på 30 000 kr i lag med bror sin, Halvard, og sette i stand ein verkstad med utstyr i Flatdal. Attmed dette var Haugen reperatør for Telemark Tømmersalslag.

Kjelder og litteratur

  • Vest-Telemark Blad, 4. november 1977. Lenke til digital utgåve.
  • Hansen, Hans K. B. og Ånond Versto: Streif langs Sogevegen. Utg. 2023.