Forside:Folkemusikk i Gudbrandsdalen

Om Folkemusikk i Gudbrandsdalen
Blant viktige element ved Folkemusikken i Gudbrandsdalen kan nemnast tyskfeletradisjonen med vekta på linja etter Fel-Jakup i nord og meir samband med flatbygdene kring Mjøsa i sør. Det finst da òg to folkemusikkarkiv for Gudbrandsdalen — Folkemusikkarkivet for Nord-Gudbrandsdalen i Vågå og Folkemusikkarkivet Sør- og Midt-GudbrandsdalenRingebu. I pols/springar-geografien er det springleiken som dominerer i området.   Les mer ...
 
Smakebiter fra artikler
Fele på Uppigard Skjåk. Ho har i følgje tradisjonen tilhøyrt Fel-Jakup. Han kalla ho Storgrolla.
Foto: Hans P. Hosar (2012)

Fel-Jakup, Jakob Olsen, (fødd i Skjåk den 2. februar 1821 død same stad den 27. juni 1876) var felespelar, vide kjend i samtid og ettertid. Han blir rekna som ein meisterspelemann på flatfele, med tilsvarande posisjon i folkemusikkhistoria som Myllargutenhardingfele. Fel-Jakup har øvd sterk innverknad på folkemusikken særleg i bygdene rundt Dovreplatået, dvs. i Nord-Gudbrandsdalen, Møre og Romsdal, delar av Sør-Trøndelag og i Nord-Østerdalen. Han var mykje etterspurd som musikar ved bryllaup og andre festlege høve, på auksjonar og marknader, ikkje minst på Romsdalsmartnan.

Om ein ser bort frå den unike musikkgivnaden og spelemannslivet, er Fel-Jakups bakgrunn og livslaup illustrerande for livsvilkåra til bygdeproletariatet på hans trakter og på den tida. Jakup var fødd og oppvaksen under vanskelege tilhøve, og trass tidomtil brukbare spelemannsinntekter, levde han også som vaksen og gift mann heile tida i tronge kår som husmann i ålmenninga i Skjåk.   Les mer …

Hans W. Brimi (fødd i Vårdalen i Lom 22. desember 1917, død 14. juni 1998) var bonde og felespelar – «ei malmfuru i den norske spelemannstradisjonen» som rektor ved Ole Bull Akademiet, Jostein Mæland introduserte han som ved eit arrangement i Sævelid.   Les mer …

Pål Kluften
Foto: Ukjent.
Pål Kluften (fødd i Nord-Fron 16. november 1888, død i Ringebu 30. april 1942) var typograf, spelemann, folkemusikk- og folkeminnesamlar, diktar, journalist og arbeidarpolitikar. Han kombinerte sine sosialistiske haldningar med norskdomsstrev, og var blant dei framståande kulturpersonlegdomane som gjorde sitt for å legitimere målsaka i arbeidarrørsla. Hans verksemd var med på å fremje den massive overgangen til nynorsk i Gudbrandsdalen i slutten av 1930-åra.   Les mer …

 
 
Kategorier for Folkemusikk i Gudbrandsdalen
 
Mest lest