Forside:Setesdal/Om forsida

Valle frå Åmli.
Foto: Siri Johannessen
(2008)

Setesdal er dalføret langs Otravassdraget, som strekk seg frå lengst nord i tidlegare Aust-Agder fylke. Historisk har ein rekna de to kommunene Bykle og Valle kommune til Setesdal, medan området sørover vart kalla Otrudal. Etter kvart flytta ein grensa sørover til Bygland. Dalen vart då delt inn i Øvre og Nedre Setesdal. I dag reknar ein ofte også med Iveland og Evje og Hornnes til dalen, noko som medfører at meir enn halvparten av Aust-Agder tilhøyrer Setesdal. Dette området svarar til Setesdal fogderi, som eksisterte frå 1660 til 1919.Nede i dalen er det områder som tidlegare var nærastt uframkommelege, og dalen var derfor lenge isolert frå kysten i sør. Stiar og kløvveger på heiane var då einaste moglegheit til å komme fram. Frem til 1800-talet var det mest ferdsel til/frå Setesdal i retning aust-vest. Det vil si at iallefall midtre og øvre del av dalen hadde mest kontakt mot Rogaland og mot Fyresdal i Telemark. I mellomalderen skatta setesdølane til Stavanger.

Fyrst i 1846 vart hovudvegen frå Kristiansand til Bykle anlagt, og setesdølane trakk då meir mot byen i sør. Særleg i Bykle hadde det vore vanskeleg kommunikasjon sørover, då den smale og bratte Byklestigen var einaste veg.I Setesdal har ein tatt vare på meir av mellomalderens byggeskikk, folkekunst og drakter enn dei fleste andre stader. Dalen har også ein rik tradisjon for segn og folkemusikk og for sine handverkstradisjonar. På Rysstad i Valle ligg både Setesdalsmuseet og Agder folkemusikkarkiv, og ellers er særleg sølvsmedane frå Setesdal kjend for sine arbeider.