Om Sivert Aarflot
|
Sivert Knudsen Aarflot (fødd 23. oktober 1759 i Ørsta, død 14. juli 1817 i Volda) var omgangsskolelærar, bonde, lensmann, postopnar, trykkerieigar og folkeopplysningsmann på Sunnmøre. Han var frå 1789 gift med Gunhild Aarflot. Han opna i 1809 det første prenteverket utafor byane i Noreg.Da Sivert Knudsen vart fødd, var faren leiglending på Fyldal i Ørsta, og noko seinare flytte dei til Årflot der han har slektsnamnet frå.
Det vart ikkje mykje skulegang på Sivert Aarflot. Han gjekk 22 dagar i omgangsskulen, og så var det slutt. Men presten Hans Strøm merka seg at han hadde evner, og i 1778 vart den sjølvlærte unge mannen sett inn som skulehaldar i Follestaddalen i Ørsta. Den stillinga hadde han til 1793. I denne tide skreiv han ned segner, regler og viser som han fekk høyre av bygdefolket. Han fortsette også med sjølvstudier, og frå Hans Strøm fekk han interesse for naturkunnskap, topografi og etikk. Å få tak i bøker var ikkje enkelt, dei kosta pengar og var lite tilgjengelege på bygda. I 1782 fekk han tak i Lære-Bog i adskillige philosofiske og mathematiske Videnskaber av tyskaren Gotthild Reccard, og dette var ei gullgruve. Det var ikkje heilt enkelt for Sivert Aarflot å ta avskil med Bibelen sitt verdsbilete, men han jobba seg gjennom det og klarte å sameine kristentrua med naturvitskapen. Han var ein tilhengar av religionsfridom. Les mer ...
|
|
Smakebitar
|
Synnøve Riste i 1880. Foto: Ukjend
Synnøve Riste, f. Synnøve Oline Rasmusdotter Aarflot (fødd 19. august 1858 i Volda, død 22. oktober 1889 same staden) var målforkjempar og kvinnesaksforkjempar. Mellom anna er ho kjend for pionerverksemd innan den nynorske pressa. Ho var oldebarn av opplysningsmannen Sivert Aarflot (1759–1817), og livet hennar vart prega av slekta Aarflot sitt engasjement for folkeopplysning og politikk – sjølv om ho òg vart ståande i opposisjon til onkelen Maurits Aarflot. Ho var ein av dei første kvinnene som skreiv offentleg på landsmål, og vert kalla «Fjøyra som dreiv» for si rolle som drivkrafta bak det radikale folkehøgskulemiljøet i Volda. Les mer …
Nedre Ekset. Foto: Francis Bull
Nedre Ekset er eit gardsbruk på matrikkelgarden Ekset i Volda kommune. Det ser ut til å ha vorte utskild frå det gamle hovudbølet Øvre Ekset på 1600-talet. Garden er særleg kjend gjennom lensmannen og folkeopplysaren Sivert Aarflot (1759–1817), som kjøpte han i 1798. Då hadde garden lenge vore lensmannsgard, og han har òg vore kapteinsgard.
Sivert Aarflot starta Aarflots prenteverk, det første prenteverket på landsbygda i Noreg, på Ekset i 1809. Minne frå den tida er samla i Sivert Aarflot-museet på Nedre Ekset.
I 1844 brann husa på Nedre Ekset. Eigaren Rasmus Sivertsson Aarflot og sønene var ikkje heime, så det var få folk til å sløkkje. Bok- og kartsamlinga til Sivert Aarflot gjekk tapt i brannen. Tunet vart bygd opp att av sonen Morits Andreas Rasmusson Aarflot, som tok over garden i 1845. Les mer …
Den fyrste utgåva av Norsk Landboeblad. Norsk Landboeblad 1810 nr. 1 til 5 (januar)
Norsk Landboeblad,
Tirsdag 2. Jan. No. 1. Aar 1810.
som med Kongelig allernaadigst Tilladelse forsendes med Posterne.
Udgives ugentlig af Dannebrogsmand Sivert Aarflot,
Kongelig privilegeret Bogtrykker, Sectionschef, Lensmand og Postaabner.
Egset, trykt i Hs. Kongl. Majestæts privilegeret Bogtrykkerie, for Udgiveren, af Andreas Steen.
Aaret 1809 kan betragtes, baade som det farligste og det lykkeligste som Slægterne, endog igiennem flere Aarhundrede, har oplevet: Norge havde ved Aarets Begyndelse Krig (som det og ofte forhen har havt), men nu indspærret af Fiender paa alle Landets Kanter. Engelske Krigere indsluttede ei allene Norges Kyster, men vidste og at finde Vei indtil mange af Landets Fiorder og Havne. Svensken havde i det forudløbne Aar, 1808, gjort adskillige Plyndrings- og krigersk Indfald over Norges Grændser; ligesom og begge benævnte Magter syntes alvorlig at true med flere og stærkere Anfald; men dog, ved Forsynets Varetægt, Regentens beskyttende Omsorg, den norske Krigsmagts fortrinlige Stilling og almindelig Mands Stemming paa alle Landets Kanter at fremstaae bevæbnede, for at forsvare Fødeegn og Arnested, undgik Norge i dette betænkelige Aar blodige Optrin og fiendtlige Plyndringer paa dets Grund, naar undtages, nogle nedrige Røveres Snigfærd i Finmarken og deslige Forsøg, did de troede ingen Krigsmagt stod, men hvor de dog fik erfare: at Nordmænd ere i hver Egn Skikkede til at være Kiemper og en Skræk for Landets Uvenner, og saaledes blev i sidstforløbne Aar, Krigene befrygtede Rædsler fiernede fra Fædrenelandet. Les mer …
Sivert Aarflot (1759–1817) reknast som stamfar til slekta Aarflot. Foto: Arnfinn Kjelland (2009)
Aarflot er ei slekt med opphav på garden Årflot i Ørsta kommune. Som stamfar reknast lensmann og boktrykkar Sivert Aarflot (1759–1817).
Kjende medlemmar av slekta
Gunhild Aarflot var gardkone på Ekset – og styrte ofte garden medan mannen var vekke. Foto: Heidi Thöni Sletten (2009)
Gunhild Aarflot (fødd ca 1757, død 22. mars 1838) frå Bakken, Eikrem, Volda. Foreldra var Rasmus Larsson Eikreim og Sissel Jonsdotter. Den 28. juni 1789 gifta Gunhild Rasmusdotter Eikrem seg med Sivert Aarflot. Dei fekk fem born. Frå 1798 budde dei på Nedre Ekset i Volda. Som mange andre koner på Vestlandet måtte Gunhild styre garden medan mannen var vekke på fiske eller ute på forretningar.
Sivert Aarflot skriv om kona si i sjølvbiografien (1815):
I 1789 giftede jeg mig med en sund, driftig og i en tarvelig Huusholdning opdragen Pige Gunille Rasmusdatter Ekrem, der ei mindre end jeg blev omhyggelig for Jordforbedringens og Huusflidens Fremme.
|
| Les mer …
|
|
|
Se også
|
|
Kategoriar for Sivert Aarflot
|
|
|
Andre artiklar
|
|
|
|
|