Ekset (Volda gnr 13)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ekset
Ekset Sivert Aarflot museet.jpg
Nedre Ekset med Sivert Aarflot-museet.
Foto: Heidi Thöni Sletten (2009).
Alt. namn: Ekseth, Egseth, Eegseth
Stad: Morkabygda
Sokn: Volda
Kommune: Volda
Fylke: Møre og Romsdal
Gnr.: 13

Ekset er ein matrikkelgard i Volda kommune. Han var truleg primærgarden i Morkabygda, og endringa -set tyder på at garden vart rydda i jarnalderen. Ekset er sterkt knytt til lensmann og folkeopplysar Sivert Aarflot (1759–1817), som kom til Nedre Ekset med familien i 1798. Her starta han det første prenteverket på landsbygda i Noreg i 1809.

Garden var i mellomalderen og truleg tidlegare tingstad for Ekset skipreide, som seinare vart ein del av Volda skipreide.

Det eldste bruket var truleg Øvre Ekset (Volda. Garden ser ut til å ha vorte dela i fleire bruk seinast på 1500-talet. For eigarar/brukarar, sjå artiklar om dei einskilde bruka.

Bruk og eigedomar

Bruks-/eigedomsnamn Bnr. Utskild frå Utskild år Merknadar
Øvre Ekset (Volda) Truleg det eldste bruket, delt føre dei fekk bruksnummer.
Nedre Ekset 1 1500-talet truleg
Gamle Larsgarden 2 1600-talet truleg
Knutegarden 3 2 1871
Ekset 4 2 1876
Spjelkavik-plassen 5 2 og 6 1846
Jogarden 6 1600-talet truleg
Furulund 7 3 1905
Sommarro 8 Tidlegare husmannsplass.
Sommarro 9 3 Lagt til bnr. 8, sjå dette.
Nyland 10 4 1926
Løken 11 1
Hjellegjerdet 12 1 1937
Haukåsen 13 1 1942
Nivheim 14 1
Soltun 15 1 1825 Tidlegare husmannsplass.
Nausttufta 16 3 og 5 1940
Snippa 17 13 Lagt til bnr. 16.
Strandaplassen 18 2 og 6 1875 Tidlegare husmannsplass.
Nottheim 19 2 1968
Fredheim 20 1 1949
Flæsa 21 2 1946 Nausttomt.
Nymark 22 Tidlegare husmannsplass.
Skogtun 23 20 1949
Skogly 24 12 1948
Bakkely 25 1950
Nyland 26 12 Lagt til bnr. 10.
Fjellborg 27 3 1962
Tile 28 1952
Lægda 29 6 1953
Skogtun 30 20 1954 Lagt til bnr. 23.
Granli 31 5 1953
Elvebakken 32 22 1955
Nygård 33 2 1955
Urheim 34 7 1956
Heimly 35 12 1956
Solvang 36 12 1957
Uralund 37 7
Sætre 38 13 1957
Jobu 39 12 1958
Sagetun 40 20 1958
Einebakken 41 7 1958
Strandheim 42 8 1959
Skauvang 43 12 1958
Nytun 44 13 1962
Sivert Aarflot-museet 45 1
Ostun 46 12 1960
Tunset 47 3 1961
Nerland 48 3 1961
Sommartun 49 5 1963
Nesbu 50 12 1963
Kvitlebakken 51 1 1964
Furubakken 52 12 1965
Skoglund 53 8 1964
Vesletun 54 15 1965
Ekset bruk 55 55
Fredheim 56 12 1967
Knausen 57 6 1967

Litteratur

  • Årviknes, Per: Volda-soga. I. Gardar og slekter. Volda. 1970..