Forside:Sjølena/Om forsida
Sjølena (nynorsk/bokmål) eller Sjølenene (bokmål), er eit gammalt uttrykk for kystlandskapa i Midt-Noreg; — med kjerneområde frå Romsdal til Namdalen, men ofte òg Sunnmøre i tillegg. Sjølena var heilt frå mellomalderen av eit omstridd område mellom Bergenhus len på den eine sida og Trondheims len på den andre, noko heile området ber preg av på ymse måtar.