Fugleleikvegen
Fugleleikvegen i Sauherad i Midt-Telemark kommune er ein kring 650 meter lang privat skogsbilveg som går nordover frå Holtandamtjønnvegen. Frå enden fortsett ein ikkje-kjørbar tømmerveg/sti i hogstfelt og skog vidare på austsida av Fuglleikhaugane mot Bordstul og Liastulen.
Vegen har namn etter Fuglleikhaugane. Tidlegare skogbrukssjef Halvor Fjones namnsette denne og mange andre skogsbilvegar i Sauherad kommune med innspel fra grunneigarar. Desse blei skilta i 2001–2002 med treskilt. Offisielt namnevedtak blei gjort i 2016.
Kjelder
- Kartverket: Norgeskart
- Sauherad kommune, Utvalg for næring, plan og teknikk, div. dok.