Holtandamtjønnvegen
Hopp til navigering
Hopp til søk
Holtandamtjønnvegen i Sauherad i Midt-Telemark kommune er ein skogsveg som går nordover frå Gunheimsvegen på Bergan og ender ved Svarttjønnmyra 600 meter nord for Holtan Damtjønn på 444 moh. Han er 5 kilometer lang.
Vegen har namn etter Holtan Damtjønn. Tidlegare skogbrukssjef Halvor Fjones namnsette denne og mange andre skogsbilvegar i Sauherad kommune med innspel fra grunneigarar. Desse blei skilta i 2001–2002 med treskilt. Offisielt namnevedtak blei gjort i 2016.
Kjelder
- Kartverket: Norgeskart
- Sauherad kommune, Utvalg for næring, plan og teknikk, div. dok.