Gunheimsvegen
Hopp til navigering
Hopp til søk
Gunheimsvegen i Sauherad i Midt-Telemark kommune går frå Sauheradvegen ved Bergan til Hørtevegen ved Gunheim. Han er 2,2 kilometer lang.
Vegen har namn etter Gunheimgardane og blei namnsett i 1999.
Kring 350 meter vidare frå Gunheim skule låg Gunheim gamle skule. Bakken opp hit kallast Skulehusbakken. Den gamle skulebygningen blei flytta til Gvarv sentrum der han blei bruka som bedehus i mange år. Nå er han bygd om til bustad.
Nr. 1 er tidlegare Gunheim skule. Gunheim vel overtok i samarbeid med Gvarv Røde Kors og Nes Frilynte Ungdomslag den gamle skulebygningen frå Sauherad kommune i 2014. Gunheim vel står som eigar.
Galleri
- Gunheimsvegen 1, Gunheim skule.Foto: Roy Olsen (2017).
Kjelder
- Kartverket: Norgeskart
- Kulturminnesøk: Gamleskulen på Gunheim