Furuheimvegen (Sauherad)

Furuheimvegen på Hørte i Midt-Telemark kommune går frå Hørtevegen til Verksvegen i krysset med Sverdmyrbakken. Han er om lag 85 meter lang og er ein del av fylkesveg 3338 (tidlegare fv 151).

Furuheimvegen sett frå Verksvegen.
Foto: Roy Olsen (2017).

Vegen har namn etter eigedomen Furuheim, med urmakarverkstaden, som låg på vestsida av vegen, og namnevedtak blei gjort i 1999. To einebustader har adresse hit i dag.

Kjelder

  • Kartverket: Norgeskart
  • Soga om Hørteverket, etter manuskript av Jon Hvitsand. Hørtesogelaget 1984.


Koordinater: 59.42217° N 9.13106° Ø