Sverdmyrbakken
Hopp til navigering
Hopp til søk
Sverdmyrbakken på Hørte i Midt-Telemark kommune går sørvestover frå krysset med Verksvegen og Furuheimvegen, kryssar Hørteåa på Bergingsbru og møter Mannebruvegen i krysset med Gåravegen. Han er om lag 1 065 meter lang og er ein del av fylkesveg 3338 (tidl. fv 151).
Vegen har namn etter garden Sverdmyr (gnr. 188/11) og blei namnsett i 1999.
Tidlegare endte vegen ved kommunegrensa mot Bø noko nord for Hvitsandvegen. Endringa skjedde i 2018 i samband med den foreståande kommunesamanslåinga av Bø og Sauherad i 2020.
Kjelder
- Kartverket: Norgeskart
- Tilbakemelding til Kartverket: Namn på gjennomgåande vegar ved kommunesamanslåing, 2018.