Mannebruvegen

Mannebruvegen i i Midt-Telemark kommune går nordover frå Gvarvvegen ved Åsgrav til krysset med Gåravegen, der han fortsett som Sverdmyrbakken til Hørte. Han er 570 meter lang og kryssar Bøelva på steinkvelvbrua Mannebru og sidan Hørteåa på Bergingsbru. Mannebruvegen er ein delstrekning av fylkesveg 3338 (tidlegare fv. 151).

Mannebruvegen ved Mannebru.
Foto: Roy Olsen (2018).

Vegen har namn etter brua Mannebru og blei namnsett i 1991.

Sjå også

Kjelder

  • Kartverket: Norgeskart
  • Formannskapets møteprotokoll 15. januar 1991, sak nr. 4.
  • Tilbakemelding til Kartverket: Namn på gjennomgåande vegar ved kommunesamanslåing, 2018.


Koordinater: 59.41156° N 9.11531° Ø