Furulund (Bykle gnr 17/42)
Furulund i Bykle kommune ligg i kanten av Uppistog Tykkholt, bnr 16, og gjekk ut derifrå. Hallvard Mikkelsson fekk henne hjå faren, Mikkel Eivindsson, og sette seg opp hus her i 1970.
- Hallvard Mikkelsson Trydal, f 1939
Furulund | |
---|---|
Huset til Hallvard og Gyro Trydal. Foto: Aanund Olsnes (2006).
| |
Rydda: | 1970 |
Utskilt: | 1972 |
Stad: | Trydal |
Sokn: | Bykle |
Fylke: | Agder |
Kommune: | Bykle |
Gnr.: | 17 |
Bnr: | 42 |
Type: | Bustadeigedom |
- g 1966 m Gyro Torsdtr. Uppstad, f 1948. Born:
- Marianne, f 1990
- Knut Hallvard, f 2001, jfr. Uppistog Tykkholt, bnr 16.
- Tor Magne, f 1970, bilmek., busett Kristiansand, g 2005 m Gyro O. Mosdøl, Jfr. Lunden, gnr 13, bnr 1, born:
- May Linn, f 2006
Gyro Torsdotter er frå Uppistog Uppstad i Hylestad, dotter åt Tor Tarjeisson Uppstad og kona, Sigrid Tarjeisdotter, f Rysstad ( jfr. Valle II, 521).
Hallvard har vore lastebilsjåfør, og mellom anna køyrt brøytebil.
Furulund (Bykle gnr 17/42) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no. Sjå også: Forside • Føreord • Innleiiing • Litteratur og kjelder |