Garborgheimen
Garborgheimen er eit jærhus på garden Garborg i Time kommune på Jæren. Huset vart bygd i 1848 av Ane Oline og Eivind Aadneson Garborg, foreldra til forfattaren Arne Garborg. Huset har vore freda som kulturminne frå 1939, og har vore drive som museum frå 1951. Mellom anna i romanen Fred vert huset skildra. Arne Garborg slo seg ned på Labråten i Asker, som også er freda.
Bakgrunnsstoff
Kjelder og litteratur
- Garborgheimen på Riksantikvarens nettsted kulturminnesok.no
Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Garborgheimen» frå Nynorsk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er oppsett i lisenstekst for cc-by-sa 3.0. For ei liste over bidragsytarar til den opphavlege artikkelen, sjå endringshistorikk knytt til den opphavlege artikkelen. For ei liste over bidragsytarar til denne versjonen, sjå endringshistorikk knytt til denne sida. Artikkelen bør gjennomgåast for å tilpasse innhald og vinkling til lokalhistoriewiki.no. Sjå Hjelp:Skilnader frå Wikipedia for meir informasjon. |