Gautilvegen
Gautilvegen i Bø i Midt-Telemark kommune er ein skogsveg som går vestover frå enden av Gravevegen ved Grave nordre i Øvre Bø til Gautiltjønna og er om lag 3,1 kilometer lang.
Vegen har namn etter Gautiltjønna.
OBS! Noverande Gravevegen blei namnsett Gautilvegen i 1996, men blei endra til Gravevegen i 1997 etter klage frå bebuarane. Ein meinte at vegen burde heite Gravevegen etter gardane i nærleiken. Utvalet for natur, teknikk og næring gjekk inn for å omdøype vegen til Gravevegen. Om vegen vidare mellom gardane og Gautiltjønn no kallas Gautilvegen, Gravevegen – eller ikkje noko, har ein ikkje greid å finne ut av.
Kjelder
- Kartverket, norgeskart.no