Gidsken Buschmann (1726–1797)

Gidsken Buschmann (fødd 1726, død 1797 i Nesna) var gjestgiverfrue på Husby.

Ho var dotter av Elen Meldal og Johan Buschmann (d.1736), hennar bror Augustinus Buschmann vart sokneprest i Nesna prestegjeld i 1755.

Det var antakelig via broren at ho vart kjent med Ebbe Christensen Moss. Han dreiv handel fra Husby på Tomma, og fekk gjestgiverbevilling i 1776. Dei vart gift, og hadde to barn, Christen Moss som vart handelsmann på Myklebostad og Elen Meldal Moss som vart gift med Hans Klæbo, handelsmann på Saura. Ebbe Moss døydde i 1780.

Ho satt som enke på Husby i 6 år før ho i 1786 vart gift med den 25 år yngre Anders Christensen. Anders ætta frå Benkestokslekta, men var ikke rik sjølv. Anders Christensen, hans son og soneson skulle styre handel frå Husby i 100 år, og med tida også bygge opp jordegodset Husbygodset.

Kjelder


Artikkelen Gidsken Buschmann (1726–1797) er oppretta gjennom delprosjektet Prestefolk i Nordland

Brukarar på lokalhistorisk wiki kan fritt endre eller legge til innhald i artikkelen. Det vil ofte vere meir relevant informasjon i oppgitte kjelder enn det som først vart lagt til, og det kan t.d. finnast stoff i bygdebøker og liknande.