Gudbrandsdølen (avis)

Gudbrandsdølen var ei lokalavis for Lillehammer og regionavis for Gudbrandsdalen som vart gjeve ut på Lillehammer frå 1894. Grunnleggjaren Johan Filseth (1862-1927) redigerte avisa frå starten til 1927. Avisa vart slått saman med Lillehammer Tilskuer i 1930 til avishuset Gudbrandsdølen Lillehammer Tilskuer, men begge vart drivne som sjølvstendig aviser til samanslåinga i 1990 under dette namnet, forkorta GLT. I 1945 vart òg Laagen ein del av avishuset.

«Førsteutgaven» av Gudbrandsdølen - 2. januar 1894.
Gudbrandsdølens gamle lokale på Lillehammer, som vart overtekne av GD ved samanslåinga med Dagningen.
Foto: Elin Olsen (2013).

I 1997 vart så GLT slått saman med Dagningen til Gudbrandsdølen Dagningen (GD), og under det namnet blir avisa gitt ut i dag (2018).

Litteratur

  • Ramberg, Knut 1994: I døgnets tjeneste. Avishuset Gudbrandsdølen Lillehammer Tilskuers historie I. GLT / Thorsrud a.s., Lokalhistorisk Forlag. Digital versjonNettbiblioteket
  • Ramberg, Knut 2004: I døgnets tjeneste. Avishuset Gudbrandsdølen Lillehammer Tilskuers historie II. Laagen. Gudbrandsdølen Dagningen AS / Thorsrud a.s., Lokalhistorisk Forlag.
  • Kristian Hosar 2007: I døgnets tjeneste. Historien til avishuset Lillehammer Tilskuer, Gudbrandsdølen og Laagen. Bind III. Gudbrandsdølen Dagningen AS / Thorsrud a.s., Lokalhistorisk Forlag.

Galleri

Se også