Høygardane (Dale) krins

Høygardane (Dale) krins i gamle Breim kommune var eigen krins frå 1860. Krinsen famna om gardane Hunskår, Dale, Kåle, Almenning og Sageflåten, og husmannsplassane Ulva, Svartesvadet, Mattisplassen, Amundsplassen oh Haugen. I 1895 bytte elevane frå Sageflåten til Reed krins I 1922 var det 12 veker skuletid i krinsen og dei delte ein lærarpost med Nesstranda krins. Læraren hadde 2 veker skule i kvar krins. Dei siste åra skulen var i drift var det todelt skule med ein lærar i storskulen og ei lærarinne i småskulen. I 1949 vart Høygardane krins slegen saman med Reed krins.

Oversyn over Høygardane krins i kart 1860-1895
Foto: Foto: Annette Langedal Holme/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Skulehus

Høygardane skule

  • Byggeår: (1964) 1922
  • Fungerte som skule: 1922-1949
  • Anna bruksområde: Opphavleg bygd som skulehus for Hole krins og flytta til Dale i 1922.

Krinsen leigde rom på Dale fram til 1922. Då vart det bygd skulehus. Det var det gamle skulehuset på Sætre som vart flytta og sett opp att på Dale. Skulen hadde kjellar i full høgd. Rominndelinga i hovudetasjen var som ei tradisjonell røykestove med eit klasserom, gang og eit lite kammers. Lærarar som ikkje var frå krinsen budde på kammerset.

Skuledagen

Skulevegen

Lærarar

Namn Føydd Skule Tilsett år Slutta år Utdanning frå Merknad
Lars Gåsemyr Høygardane 1853 1865
Gabriel Reed d.e. Høygardane, Nesstranda 1865 1882
Mons Rye Høygardane, Nesstranda 1882 1887
Erik A. Aasebø Høygardane, Årdal 1887 1891
Gabriel Reed Høygardane 1881 1897
Kristianne Glomnes Høygardane 1887 1902
Krispinus Førde Høygardane, Årdal 1897 1919
Ingolv Bogstad Høygardane 1919 1927
Rakel Støyva Høygardane 1927 1931
Ingebrigt Næss Nesstranda, Kandal, Årdal, Førde, Høygardane 1894 1937 Arbeidde som lærar til han var 75 år.
Arne Hunskaar Høygardane, Kandal 1937 1949
Kristi Myklebust Høygardane 1933 1942
Synnøve Myklebust Høygardane, Kandal, Reed 1942 1945

Foto

Kjelder og litteratur

Prenta kjelder

  • Sandal, Per (1978) Soga om Gloppen og Breim, band 1. Sandane.
  • Sandal, Per (1979) Soga om Gloppen og Breim, band 2. Sandane.
  • Femårsmeldingar om folkeskulen 1891-1895, 1896-1900 og 1901-1905
  • Skriftnemnda (1989) Skulane i Breim 1739-1989.

Digitale kjelder

Ikkje-prenta kjelder

Koordinater: 61.755619° N 6.365870° Ø