Hans Try

Arbeid pågår: Vennligst ikke rediger artikkelen mens arbeidet pågår. Se redigeringshistorikken for detaljer.

Hans Try (fødd 11. oktober 1934 i Søgne i Vest-Agder, død same stad 11. mars 1990 same stad) var historikar og arkivar. Han arbeidde særleg med moderne norsk historie, agrarhistorie, sosial organisering og framveksten av frivillige organisasjonar. Institusjonelt verka Try for utvikling av regional- og lokalhistorisk forsking. Han var dessutan pådrivar for å få oppretta historiestudiet ved Agder distriktshøgskole (seinare Høgskolen i Agder /Universitetet i Agder). Try var frå 1975 tilsett ved Statsarkivet i Kristiansand, frå 1987 som statsarkivar.

Faksimile frå Fædrelandsvennen 15. mars 1990: minneord om Hans Try.

Liv og virke

Slekt og familie

Hans Try var son av agronom og gardbrukar Theodor Gustav Try (1898–1838) og Inger Katrine Try, fødd Tofte, (1899-1967). Farfaren, Hans Jensen Try (1863–1949) var gardbrukar og lærar; i tre periodar var han også ordførar i Søgne. Gift 1981 med Berit f. Andreassen (1946–2014). Barn: Anne Marie (fødd 1983) og Gustav (fødd 1986).

Hans Try voks opp på Stausland i Søgne. Faren døydde tidleg av tuberkulose. Da farfaren døydde, blei familiebruket overdratt til sonesonen Hans. Her busette han seg da han etter nokre år i Oslo vende heim og begynte i stillinga som arkivar ved SAK. Han fekk tidleg interesse for lokalhistorie. At han kom til historiefaget med ballast frå etnologi, var nok med på å forsterke den interessa han alt hadde for historie ‘nedanfrå’. Interessa for det lokale var alltid utgangspunkt for eit vidare utsyn mot historisk utvikling på nasjonalt og internasjonalt nivå. Eit overordna perspektiv var å forstå strukturelle endringsprosessar i overgangen mellom det tradisjonelle og det moderne samfunnet. Gjennom dei fellesnordiske forskingsprosjekta han deltok i, var han også med på å klarlegge sambandet mellom regionar på tvers av nasjonale grenser.

Utdanning

Lærarskoleeksamen 1960, Kristiansand lærarskole

Etnologi mellomfag, Universitetet i Oslo 1964

Historie hovudfag, Universitetet i Oslo 1966

Faglege stillingar

1967-1975      Vitskapleg konsulent ved Norsk lokalhistorisk institutt (NLI), Oslo

1975-1987      Arkivar / frå 1980 førstearkivar ved Statsarkivet i Kristiansand (SAK)

1987-1990      Statsarkivar (SAK)

Større forskingsprosjekt

- Norsk leiar av det fellesnordiske forskingsprosjektet «Skagerrak-Kattegat-områdets kulturutvikling på 1800-talet». (Støtta av Norges Forskningsråd /NFR) 1982-1987

- Forskar i det fellesnordiske forskingsprosjektet «Frå assosiasjon til masseorganisasjon».(Støtta av NFR) 1982-1987   

Kjelder

  • Bråstad, Kjell: Søgneboka. Gårds- og slektshistorie for Søgne, bd.1. Tangvall: Søgne kommune 1987.
  • Hundstad, Dag: Agder historielag 1914-2014: en lokalhistorisk reise. Kristiansand: Agder historielag 2015.
  • Seland, Bjørg: «Historikeren Hans Try (1934–1990)», i Årbok for Søgne historielag 2020.
  • «Minneord om Hans Try.» Fædrelandsvennen 1990.03.15. Digital versjonNettbiblioteket.

Eksterne lenkjer

Bibliografi

Monografiar

- Gardskipnad og bondenæring. Sørlandsk jordbruk på 1800-talet Oslo: Universitetsforlaget (1969)

- To kulturer, en stat, 1851-1884, i Knut Mykland (red.) Norges historie, bd.11, Oslo: Cappelen (1979).

- Assosiasjonsånd og foreningsvekst i Norge: forskningsoversyn og perspektiv. Øvre Ervik: Alvheim og Eide (1985).

- Foreningsliv i Søgne på 1800-talet. Øvre Ervik: Alvheim og Eide (posthumt, 1992).

Artiklar og bokkapittel

- «Bondenaeringen i støpeskjeen. Strukturendringer i jordbruket, Selbu 1850–1900»

Scandinavian Economic History Review, Vol.25(1) (1977).

-  «Sosiale holdningsendringer i norske bygdesamfunn på 1800-talet», i Edgar Hovland (red.)

  Folket, bygda og historia. Bergen: Universitetsforlaget (1977).

- «Lokal historie i skolen», i Jon Tvinnereim (red.): Lokalsamfunnet i historia. Oslo: Samlaget (1977)

- «Etnologi – ein vitskap til hjelp i lokalhistorisk gransking», i Tveinnereim (red.) (1977)

- «Gjennombrottstid for ‘Associationsaanden’ i Søgne», i Hans Try m. fl. (red.): Kattegat-Skagerak-prosjektet, Meddelelser nr. 1. Kristiansand (1982).

- «‘Assosiasjonsånden’ og det store hamskiftet», i Dugnad nr. 2/3-1983.

- «Lekmannsrørsle og assosiasjonsånd ca.1820-1880», i Olaf Aagedal (red.): Bedehuset: Rørsla, bygda, folket. Oslo: Samlaget (1986).

- «Tidleg foreningsframvekst på den norske Skagerrak-kysten, særleg Agder»,  i Anders Gustavsson m.fl. (red.): Kattegat-Skagerrak-prosjektet, Meddelelser nr. 11. Kristiansand (1986).

- «Lars Bjørnebak og Søren Jaabæk. To politiske bondeleiarar i Skagerrak-Kattegat-området og rørslene dei stod i», i Anders Gustavsson m.fl. (red.): Kattegat-Skagerrak-prosjektet, Meddelelser nr. 15. Kristiansand (1987).

- «Kva var det særlege ved Rogaland og oftedølene? Kommentarar til Berge Furre sine foredrag», i

  Erik Fossåskaret og Berge Furre (red.): Rogalandskulturen. Mellom religion og politikk. Ei tverrfagleg

  vandring gjennom 120 år. Seminarrapport fra Høgskolesenteret i Rogaland nr.77. Stavanger (1987).

- «Kombinasjonsnæring sjømann, fiskar, jordbrukar. Søgne», i Berit. E. Johnsen (red.): Sjøfolks hverdag. Agder distriktshøgskoles skriftserie, Kristiansand nr.14-1989.

- «Noen samlande merknader», i Berit E. Johnsen og Hans Try (red.): Arbeidsvandringar på Agder, Agder distriktshøgskoles skriftserie nr. 20-1990.

- «Thranerørsla på Agder», i Stein Tveite (red.): Bøndene mot borgarstaten. Årbok / Vest-Agder Fylkesmuseum, (posthumt, 1996).

- «Det store bryllaupet på Reieresdal i 1820. Ein sosialhistorisk studie», (posthumt) i Heimen nr. 1-2020.

Redaksjonelt arbeid

- Hoverredaktør for tidsskriftet Heimen 1970–1972, saman med Harald Winge.

- Redaktør / medredaktør for flere antologier etter sommerseminarer i historie i regi av Agder distriktshøgskole (ADH)/ Senter for videreutdanning /SEVI), Kristiansand:

> Rikssamling på Agder, Studentbokhandele a/l (1976).

> Peder Claussøn Friis – samtid og miljø på Agder, ADHs skriftserie nr.1 (1986).

> Jernverk på Agder, ADHs skriftserie nr.3 (1986).

> Arbeidsvandringar på Agder (saman med Berit E. Johnsen), ADHs skriftserie  nr. 20 (1990).

- I redaksjonen for skriftserien Kattegat-Skagerrak-prosjektet, Meddelelser  (1982-1987), saman med Anders Gustavsson og Peter Ludvigsen (nr.1); saman med Anders Gustavsson og Poul Holm (nr.2-15).