Harald Isaksen Hagen (1817–1879)

Harald Isaksen Hagen (1817–1879) var gardbrukar og lokalpolitikar.

Harald Isaksen var son til husmannsfolka Isak Haraldsen (1781–1865) og Berit Olsdotter (om lag 1782–1885) i Isaksplassen av nedre Nore i Krødsherad.[1]

Han kjøpte garden Hagen (kalla Nord-Hagan eller Helgesplassen) i Krødsherad i 1846. Garden består av tre eller fire tidlegare plassar.[2]

Harald Isaksen var aktiv i lokalsamfunnet, både i politikk og kyrkjelydsliv. Han var formann i ei av dei sju arbeidarforeiningane i Krødsherad som vart skipa i 1849 som ein del av Thranerørsla.[3] Han åtte jord og var såleis ein av dei om lag 36 av dei 115 registrerte medlemene i arbeidarforeiningane i Krødsherad som hadde røysterett. Han og tre andre medlemer, Ole N. Dannemark, Gul B. Flatin og Truls C. Rund, vart innvalde i heradststyret i Sigdal (Krødsherad høyrde til Sigdal kommune fram til 1901). Harald Hagen var medlem i heradstyret 1856–61 og 1876–79. Han sat i formannskapet 1860–61 og 1876–79. 1860–1864 var han medhjelpar åt presten.[4]

Andreas Mørch skriv at det blir fortalt at Harald Isaksen Hagen òg var felemakar.[5]

Harald Isaksen vart gift med Gunhild Amundsdotter Rødningen (1821–1894) frå Eggedal. Dei hadde seks søner og to døtrer

Referansar.

  1. Andreas Mørch (1974): Krødsherad, bd. 1, s. 413.
  2. Andreas Mørch (1974): Krødsherad, bd. 1, s. 437–438
  3. Andreas Mørch (1976): Krødsherad. Bd. 2, s. 581
  4. Andreas Mørch (1974): Krødsherad, bd. 1, s. 437
  5. Andreas Mørch (1976): Krødsherad, bd. 3, s. 812.

Litteratur og kilder